torsdag 13. september 2012

Work in Progress

I 2009 hadde eg og venninna mi Stine utstillinga "Work in Progress" her i Oslo. Me stilte ut ferdige arbeid, skisser, teiknebøker og idear. Rett og slett work in progress. Me leigde lokale og arrangerte heile utstillinga sjølv, og eg blir fortsatt stolt når eg tenkjer på den innsatsen me gjorde.

Det var ein veldig lærerik prosess, og det var deilig å sjå arbeida våre i eit gallerilokale etter fleire månader med planlegging. Det er noko avsluttande ved det å stille ut, og det var det som var litt av tanken bak denne utstillinga og. Å få oppsummere litt kvar me stod etter tre års skulegang og eit par år med prosjekter. Kva slags arbeid var ferdig og kunne rammast inn? Kva slags arbeid var i skissestadiet fortsatt? Det dukka opp arbeid eg hadde gløymd eg hadde laga, og arbeid som eg rett og slett var drittlei. 

Biletet under er ein liten presentasjon av diverse brev, tankar, funne bilete og gåver som eg stilte ut. Det var med andre ord ikkje berre innramma arbeid som blei presentert, men og lause tråder som du ser nedanfor. Anbefaler alle som har stilt ut litt å arrangere si eiga utstilling på eit punkt. Det er hardt arbeid, men ein lærer så utruleg mykje! 

tirsdag 11. september 2012

Ambisjonar

Eg pakkar alle framtidsplanane mine inn i ein kram snøball, som eg smeller inn i husveggen.

lørdag 8. september 2012

Plastposane


Eg bor i byen.
Der må eg gå heimover i regnet med tunge handleposar.
Kvar dag gjer eg dette, og kvar dag tenkjer eg at eg må ha misforstått kva ein skal fylle dagane med.
Det kan ikkje vere dette som er livet mitt.
Tunge posar med brød og banan, bind og zalo.
I posane har eg mat som kjem til å rotne bakerst i kjøleskapet,
medan eg et noko eg har kjøpt ferdig. Kanskje fjordland.  

Fjordland fiskebollar
Fjordland karbonader
Fjordland potetball

Kvar dag drassar eg på desse plastposane, og eg dreg pose etter pose inn i livet mitt. Eg pakkar dei ut og fyller skapene mine med tom plastikk medan eg drøymer om eit betre liv.


onsdag 5. september 2012

Platecover til Anette

Dette platecoveret har eg laga til Anette Askvik i samarbeid med venninna mi Stine, som er fotograf. Anette er utruleg dyktig og inspirerande, og det er alltid fantastisk å sjå ho live. Under lanseringskonserten for plata i 2011 hadde ho med eit pikekor på scena, og det var heilt nydeleg. Heia Anette! 

mandag 3. september 2012

Samlingar


Då far min var liten samla han på fugleegg. Sist eg var heime plukka eg fram samlinga og foreviga dei med kameraet.

Her om dagen var eg på Naturhistorisk museum, og deler av samlinga byrjar å bli forholdsvis gammal. No tenkjer eg ikkje på Tyranosaurus Rex, men på dei litt loslitte dyra og alle dei vakre plansjane og monterane fulle av stein. Ei samling i større omfang enn pappa sine fugleegg, men prinsippet er det samme. Skjøre deler av naturen sirlig samla i orden og rekkefølge.