fredag 26. oktober 2012

Åfarnes




Når det blåste i den lille bygda, 
sprang alle ned til båtane sine for å sjå at dei hadde det bra.

onsdag 17. oktober 2012

The brontosaurus never existed

Då eg studerte lagde eg eit bokprosjekt der eg både skreiv teksten og lagde illustrasjonane sjølv. Dette prosjektet fulgte meg heile tida medan eg jobba med det, og det førte med seg fleire småprosjekt undervegs; eg prøvde blant anna ut gamle trykkpresser og leika meg med grafikk.  Historia handlar om ein mann si søken etter identitet, og eg brukte i hovudsak teikning og collage for å illustrere teksten.  

Av alle arbeida i boka er det denne som fortsatt følgjer meg vidare. Eg er fortsatt glad i kombinasjonen av blyant, måling og fargeblyant. 

torsdag 11. oktober 2012

Pubertet og 4H

Her er enda ei teikning frå fanzina "Pubertet" som eg har vist tidligare her og her. Motivet er frå ein 4H-tur ein gong på 90-talet, då sykkelshorts og store t-skjorter var på mote. Me for til ein avsidesliggande husmannsplass innerst i ein fjord, og eg og venninna mi var overbevist om at det skjulte seg ein hemmeleg bunkers under eit berg i nærleiken. På veg heim hang me ut or bilvindauget i fart, og me følte oss så vill og levande som ein kan når ein er 12 år. 

På ein annan 4H-tur køyrde me inn i ein fjord for å sjå på helleristingar, og der blei eg putta inn i bagasjerommet på ein bil. Heldigvis slapp eg fort ut att; dette var altså ikkje ei kriminell handling, men skjemt og morro på bygdevis.

tirsdag 2. oktober 2012

Kreativitet i kvardagen

Då Edvard var liten baby hadde han kolikk. Alle som har hatt kolikkborn veit at då er det ikkje mykje anna livet dreier seg om; ein bysser og bysser på den vesle i håp om at gråten skal stagge for ei lita stund. Det var verken tid eller ork til å vere kreativ, og eg følte nesten at eg mista meg sjølv oppi det heile. Redninga mi blei Instragram. Eg trilla eviglange turar, for Edvard sov godt i vogna, og eg brukte tida til å jakte på spanande motiv. Det gjorde underverker for meg, og det fekk meg til å gløyme alt det tunge ei lita stund. No er det lenge sidan Edvard hadde kolikk, han er ein blid og glad krabat, men det er nok å henge fingrane i! Det kan gå perioder der eg ikkje har tid eller inspirasjon til å finne fram skisseboka, men å knipse bilete gjer eg heile tida. Det skal ikkje alltid så mykje til for å føle at ein bruker dei kreative sidene av seg sjølv, og det gjer underverker i ein travel kvardag!