fredag 20. desember 2013

Fredagsinspirasjon

Barneboka Pezzettino av Leo Lionni. Fantastiske illustrasjonar i denne italienske klassikaren frå 1973. Du kan forresten kikke i den hjå Amazon. Eg les den for sønnen min no, han er to år og akkurat gammal nok. Enkel men fin handling, nydeleg språk og spanande illustrasjonar med collage. Boka handlar altså om lille Pezzettino, det er den lille firkanten som sit i båten på bildet. 

Radioprogrammet "This American Life". Det er som regel eit tema for kvar episode, med fleire forskjellige historier rundt samme tema. Som regel er det sanne og heilt fantastiske historier frå kvardagsfolk, og mykje er så rart og sprøtt at ein nesten ikkje kan tru det er sant. Alle episodene ligg på nettsida deira, så du kan streame dei direkte, eller du kan laste dei ned som podcast. Eg høyrer ofte på "This American Life" når eg tegnar, og eg har både ledd og grått. Anbefales på det varmaste.

Dette intervjuet med illustratør Laura Carlin om korleis få oppdrag som illustratør og dette intervjuet med Isabel Greenberg om korleis skrive grafiske noveller. Begge intervjua er henta frå nettstaden IdeasTap

Sjekk ut danske Line Lisberg Refstrups Flickrkonto. Ho har ein blogg og, og ho lager så mykje fint! Ho har og animert denne filmen, basert på ein radiodokumentar av Kajsa Kvaale. Den er nydeleg!



torsdag 19. desember 2013

Ei lita episode frå i sumar


Eg teikna ned denne episoda i skisseboka mi i går, sidan eg satt og drakk av den overnevnte brennesleteen. Eg svergar; det smakar kun brennesle og ikkje hundetiss.

mandag 16. desember 2013

Bikini og jobbing
























Eit lite utsnitt frå ei historie eg jobba med før helga. Eg prøver meg fram med pennesplitt og blekk, og eg synes det funkar fint. Har og prøvd med blekk og pensel, då må eg berre teikne alt større og skalere ned. Men det er ein fin variasjon frå blyanten! 

Eg teiknar og teiknar. Nokre gonger føler at prosjektet går knallbra, andre gonger møter eg meir motstand. Kva skal dette bli til, liksom? Har det heile ein raud tråd? Blir det engasjerande for lesaren? Er teikningane bra nok? Så sitt eg der og vurderar. Men det einaste som hjelp då er å berre teikne vidare; då løyser dei fleste flokene seg av seg sjølv. Det som ikkje fungerar så bra for meg er å legge vekk arbeidet og gå og gruble på det. Då går eg berre og kjenner på det som ikkje fungerer. Dette er nok forskjellig frå person til person, men for meg er det best å ta tak i det med ein gong. Teikne, teikne, sjå på litt inspirasjon, ta ein kopp te, teikne, teikne, teikne, og der løysna det visst. Som regel, då.

fredag 13. desember 2013

Fredagsinspirasjon

Her er meir inspirasjon! På bildet kan du sjå dei siste teikneseriane eg har lest. Nokre har komme i posten, og andre har eg har lånt på biblioteket. Eg jobbar på biblioteket i ny og ne, og då sitt eg alltid å bestiller inn ein drøss med teikneserier til meg sjølv. Dei tynne hefta på bildet har eg nett bestilt frå Jippi forlag, det er "Møkkajentene del 3 - Mye onsdag og litt helg" av Inga Sætre, "Ugler" og "Ugler 2" av Martin Ernsten og "trost" av Rui Tenreio.

Les dette Intervjuet med teikneserieteiknar Coco Moodysson. Eg har berre lest albumet hennar "Coco Platina Titan Total" som eg elska, men no har eg bestilt inn meir frå biblioteket. Eg gler meg!

Her kan du lese eit intervju med Lizzy Stewart, som er ein fantastisk flink teiknar. Intervjuet er frå 2009 då ho var ferdig utdanna, og ho har gjort mykje fint sidan då. Her er heimesida hennar.

Marja Inez lagar mykje fint. Illustrerer bla fast for Rookie magazine.

Vanessa Davis har laga det fantastiske, fantastiske sjølvbiografiske seriealbumet "Make me a Woman". Eg har lest det fleire gonger, og no bestilte eg endelig mitt eige eksemplar frå Amazon. Ein stor inspirasjonskjelde, og ho er faktisk ikkje svensk (!).

Frøydis Sollid Simonsen studerer ved serieskolan i Malmö og har nett debutert som forfattar med boka "Hver morgen kryper jeg opp fra havet" på Gyldendal. Sjå noko av arbeidet hennar her, eller sjå på bloggen hennar. Ho var og ei av dei som blei trekt fram i artikkelen i D2 for eit par veker sidan, så slik oppdaga eg arbeidet hennar!

onsdag 11. desember 2013

Teikne, ikkje tenkje

Den siste veka har eg jobba med ei ny teikneseriehistorie. Eg har teikna, vurdert, viska ut, teikna, vurdert, teikna meir, prøvd nye ting, vurdert igjen. Då er det fint å ta ei pause og berre teikne utan å tenkje! Å teikne fort, rote, ikkje få det heilt til, prøve igjen, fargelegge, øydelegge, prøve noko nytt og berre leike seg. Plutseleg sitt ein der med ein stor bunke nye teikningar, og innimellom streka finn ein plutseleg noko som glitrar.





fredag 6. desember 2013

Fredagsinspirasjon


Kor mange fine fanziner og bøker kan du få for 300 kroner på Bergen Art Book Fair? Ganske mange! Iallfall hvis du har ein så god ven som meg, som handlar for deg hvis du ikkje har tatt turen over fjellet sjølv. Her er linkar til dei talentfulle folka som har laga nokre av fanzinene og bøkene eg fekk.

Tieten met haar  er ei gruppe Belgiske jenter (Trur eg? Er litt usikker på nokre av navna der...) som lagar fanziner og teikneserier og generelt kule ting! Har berre skumma gjennom bloggen, men den ser fin ut og dei fortel morsomme historier frå reiser til forskjellige bokmesser og teikneseriemesser. Det er dei som har laga den øverste blå fanzina med drinkparaplyen. Den kom i ein pose med 9 fanziner rundt samme tema.

Kataklysmeg er ei nydeleg bok av Lisa Cranner og Ingri Haraldsen. Den har tekst av Cranner og teikningar av Haraldsen, og begge deler er veldig vakre. Sjølve boka er veldig fint lagd; cover, format og papir dannar ei flott heilheit. Sjå meir av Ingri Haraldsens teikningar her.

The Parked Car project. 8 fanziner der 8 teiknerar har dokumentert kvardagsobjekt i storbyen. Alt frå Trafikklys og søppelspann til offentlege toalett. Enkelt og gjennomført!

Flippeboka Volcano frå Renaud Perrin er veldig fin, og den har visst vunne ein flippebokpris (!) i 2009. Heiter det forresten flippebok på norsk? Du kan sjå ein YouTube-film av den her. Sjekk forresten ut butikken til utgivaren av boka; Napa Books. Mykje fint der! 

Fredrik Rysjedal si fanzine Fjes. Eg er veldig svak for samlingar av ting. Ei teikning av eit fjes? Det kan være fint. 20 teikningar av fjes? Veldig spanande! 

onsdag 4. desember 2013

Ny historie!


Eg har lagt til ei ny, lita historie på nettstaden min. Ta ein titt! Den heiter "Kremen", og er ei sann historie frå då eg var ein 8 år eller så. Eg kjem til å jobbe masse med teikneserieprosjektet mitt dei neste månedane, det blir både kjekt og spanande. Eg jobbar med ei samling små historier, og no er det berre å få alle ideane, skissene og dei rotete storyboarda til å bli ein ferdig serie. Masse jobb, men veldig artig!

Og treng eg ei pause frå teikninga skal eg kose meg med teikneseriane "Pojken i Skogen" av Mats Jonsson eller "Frances" av Joanna Hellgren som eg har henta på biblioteket i dag. Begge er veldig flinke, og eg anbefalar dei varmt. 

mandag 2. desember 2013

D2



















I fredagens nummer av D2 var det ein lang og fin artikkel om alle dei flinke damene som lagar teikneserier i Sverige. Dei trekk bla fram Coco Moodysson og Liv Strömquist, og nevner såvidt ein av mine favorittar; Åsa Grennvall. Dei ser og på kvifor Sverige har fått denne store eksplosjonen av kvinnelege serieskaperar, og kvifor dette ikkje har skjedd i Noreg enno. På slutten av artikkelen trekk dei fram ei rekke norske damer som og lager serier, og der nevner dei bla meg! Veldig glad for det, og samtidig var det spanande å sjå kven andre som blei lista opp. 

fredag 29. november 2013

Fredagsinspirasjon



Ta ein titt på arbeidet til Luke Best.  Han er ein del av Peepshow kollektivet, og det er ein gjeng med knallflinke folk!

Nobrow er eit lite, engelsk forlag som fokuserer på teikneserier, illustrasjon og kunstbøker. Dei har mykje fint! Nokre gonger håndprinter dei små opplag av bøker og, og det er mykje inspirerande å sjå.

Denne artikkelen hjå nettstaden Rookie om å komme seg ut av skrivesperrer er veldig kjekk. Mange gode tips som kan overføres til dei fleste kreative yrker vil eg tru!

Om ein er på utkikk etter ny inspirasjon, kan ein sjå i stallen til forskjellige illustrasjonsagentar. Det er mykje fint hjå Agent Pekka som held hus i Helsinki og Amsterdam, norske ByHands, eller engelske Unseen Agency.

Moleskine The Detour Book. Såg den i bokhandelen i går, og fekk veldig lyst på den. Boka inneheld eit utvalg sider frå 250 Moleskinebøker, og den er full av tekster, teikningar og utklipp. Midt i blinken for meg som er vill etter skissebøker!

onsdag 27. november 2013

Derek Jarman's Sketchbooks

Filmskapar Derek Jarman brukte eit utall skissebøker i arbeidet sitt. Han fylte dei med tanker, skisser, storyboard, fotografi, lister, dikt, utklipp, polaroidbilder, dialog, tørka blomar og fotokopiar. Blant anna. Eit utvalg frå desse bøkene er no utgitt i ei tjukk bok som du kan bestilte frå Amazon. Den er så utruleg fin, og det er veldig inspirerande å sjå skissebøker som er så velbrukt og velfylte som desse!


fredag 22. november 2013

Fredagsinspirasjon


I helga arrangeres Bergen Art Book Fair, og eg skulle SÅ ynskje at eg var der! Neste år skal eg ta turen, banna bein. Er du i Bergen må du dra dit! På bildet over ser du bagen deira, med fotografi tatt av mi gode venninne Klara Sofie Ludvigsen. Heldigvis har snille Klara gått med på å kjøpe nokre fine fanziner til meg under messa, så eg gler meg til å sjå kva skattar ho finn.

Sjekk ut arbeidet til teiknar Jenny Wildfang. Så flink!!

Melissa Castrillion er og fantastisk dyktig. Veldig inspirerande!

Dan Eldons skissebøker var ein stor inspirasjon for meg første året eg studerte, for 10 (!!!) år sidan.
Dan Eldon var engelsk/amerikansk, men vaks opp i Kenya samans med familien. Han byrja tidleg å interessere seg for teikning og fotografi, og han samla alt han laga og opplevde i eigne skissebøker. Tidleg i 20-åra byrja han å jobbe som krigsfotograf for Reuters, men berre 23 år gammal blei han drepen under eit opptak. Igjen låg ein haug med fargerike skissebøker, som i ettertid har blitt utgitt i eigne bøker. Ta ein titt!

Svein Nyhus sin bildebokskole har 70 leksjonar om alt som kan vedrøre bildebokillustrasjon. Teknikk, tekst og prosessen bak. Eg har ikkje sett gjennom alt, men her trur eg ein kan finne mykje spanande.

onsdag 20. november 2013

Mobilknips frå arbeidsbordet


















Her er eit par mobilbilder frå arbeidsbordet mitt. Til venstre kan du skimte Inga H. Sætre sin teikneserie "Varmere, kaldere, varmere, kaldere", som nett no står framme til inspirasjon. Ta gjerne ein nærare titt på den, Inga H. Sætre er kjempeflink! I bildet til høgre ser du eit par nye notatbøker som eg nett har laga. Etterkvart vil det bli mulig å kjøpe desse bøkene, så stay tuned!

mandag 18. november 2013

Teikneserieskisser


Her er nokre skisser til teikneserieprosjektet som eg jobbar med for tida. Husa og båtane er generelle stemningsskisser som eg ikkje har ei klar plan for, det er meir utprøving og motivtesting. Dei to andre teikningane er til ei kort historie som eg jobbar med no, og som eg trur blir veldig fin. 

Med dei første teikneseriehistoriene eg lagde, brukte eg veldig lang tid på å sette opp historia og å få god flyt i teikningane. Eg hadde ikkje story board og eg  flytta fram og attende på ting medan eg jobba. No har eg ikkje lagd så mange historiene enno, men eg føler allereie at eg byrjar å få meir dreisen på prosessen. Eg byrjar iallfall med å skisse masse, og til slutt lagar eg eit skikkeleg story board. Nedfor kan du sjå eit eksempel på tidlige skisser i prosessen!

fredag 15. november 2013

Fredagsinspirasjon




Meet the Somalis er 14 sanne historier om Somaliere som bur i Europeiske byar. Dei er laga som teikneserier, og er veldig, veldig fine! Dei er både triste, oppløftande, rørande og skremmande, og dei viser på ein veldig fin måte enkeltindivida i denne store folkegruppa. Eg synes teikneserier er eit utruleg bra medium for å skildre tøffe historier, og desse teikneseriane er eit godt eksempel på det.

På bloggen Halve Kongeriket hjå Cappelen Damm ligg det fleire lydintervju med illustratørar. Dei er veldig fine! Nokre eg likte er  Max EstesAnna Fiske og Camilla Kuhn.

Utstillinga "Munch på Papir" har nett åpna på Munchmuseet, og der vises skisser, akvareller, grafikk, og ikkje minst dei 170 skissebøkene hans. Det var heilt fantastisk å sjå alle desse bøkene utstilt, og dei var hovedgrunnen til at eg for på utstillinga. Å få eit så godt innblikk i den kreative prosessen hans er ei heilt unik muligheit som eg ikkje kunne gå glipp av. No kan ein selvfølgeleg ikkje bla i bøkene, dei ligg oppslått på utvalgte sider. Men alle bøkene er avfotografert, og ein kan bla gjennom dei over 4500 teikningane på iPad. Anbefales!

Teiknar og illustratør Caroline Gaedechens. Nydeleg arbeid!

Nettbutikken Present&Correct som har det mest fantastiske utvalget av merkelappar, konvoluttar, notatbøker og kontorrekvisitta i eit heilt nydeleg design. Berre sjå på desse stempla!


tirsdag 12. november 2013

the Artist's guide

Eg vil anbefale boka "The Artist's guide: how to make a living doing what you love" av Jackie Battenfield. Den er eigentleg meint for billedkunstnerar, men eg trur alle som jobbar med noko kreativt kan ha eit kjempestort utbytte av den. Den er full av verktøy, oppgåver og personlege erfaringar, pluss tips frå fleire profesjonelle kunstnerar. Den handlar om korleis skrive søknadar, korleis presentere arbeidet ditt,  korleis få eit nettverk, korleis tjene pengar, og kva gjer ein hvis ein ikkje gjer det?  Boka er inspirerande skrevet, og den er full av personlege erfaringar og tips. Det einaste negative med boka for oss nordmenn er at den er skrevet med tanke på ein amerikansk marknad. Det er derfor ein del tips som ikkje virkar heilt relevant for oss, til dømes fleire som omhandlar økonomi. Men alt i alt er dette ei fantastisk bok som alle bør lese. Iallfall dei som jobbar med noko som helst kreativt på frilansbasis. Løp og kjøp! 



fredag 8. november 2013

Fredagsinspirasjon!



















Dette intervjuet med Anna Fiske på bloggen Bilder og Bokstaver. Ein blogg hjå Cappelen Damm, skrevet av designer Elisabeth Vold Bjone. Her kan du finne enda fleire illustratørintervjuer.

Arbeida til Martha Verschaffel. Dei er berre nydelege og eg blir så inspirert! Teikningane hennar snakkar så fint samans, og ho fanger stemningar på ein unik måte.

Hjartesmil. Dei fleste kjenner vel denne bloggen frå før, men eg vil trekke den fram likevel. Verdas største nynorskblogg, skrevet av fotograf og forfattar Mariell Øyre. Ho jobbar knallhardt og utrettar så mykje bra. Ein stor inspirasjon!

Innlegget 100 ideas på bloggen til illustratør Keri Smith. Det ligg mykje anna fint der og, så kikk litt rundt!

Arbeida til svenske Klara Wiksten. Elskar teikneseriane hennar! Kjøp gjerne boka hennar, det har eg gjort.

tirsdag 5. november 2013

Annie Leibovitz: Life Through a Lens

Denne dokumentaren er så fantastisk inspirerande og fin! Sjå den, sjå den, sjå den. Uansett kva slags kreativt medium ein jobbar i, er eg sikker på at ein vil få eit stort utbytte av å høyre om fotograf Annie Leibovitz sitt liv og arbeid. Eg har sett den mange gonger, og eg blir like inspirert kvar gong. Eg elskar å få eit glimt inn i prosessen til flinke, kreative folk! Tips meg gjerne om du veit om andre lignande dokumentarar.

torsdag 31. oktober 2013

Bologna og søknadar

Jippi! Eg skal til Bologna i mars! Eg har blitt tildelt Norsk illustrasjonsfond sitt Bolognastipend, som gir støtte til å besøke den årlige barnebokmessa i Bologna. Så då gler eg meg til inspirasjon, fagleg påfyll, italiensk mat, å få sove heile net på hotell (luksus for ei småbarnsmor!) og å sjå meg rundt i Bologna. 

Eg har nett levert inn ein annan stipendsøknad og, der eg ber om støtte til eit stort teikneserieprosjekt. 
Nedanfor ser dykk ei skisse til prosjektet. Kryss fingrane! Og får eg ikkje støtte no, så har eg iallfall kome mykje lengre med prosjektet medan eg jobba med søknaden, og det er ikkje verst det heller. Eg har alltid likt søknadsprosesser, for det gjer at ein ser på arbeidet sitt på ein ny måte. Ein evaluerer og oppsummerer, og det er aldri dumt frå tid til annan.  

tirsdag 24. september 2013

Serier på trykk!

Torsdag kom Forresten nr 27 ut, og dette nummeret har både farger og fleire sider enn før. Det ser rett og slett veldig lekkert ut! Eg er som sagt med med dei to historiene "Tjuveriet" og "Barbie". Du kan lese begge historiene på  nettstaden min her.

Forresten selges på Narvesen, hjå teikneseriebutikkar og hjå Jippi forlag.

Nett no er eg midt i eit realt flyttesjau, og nesten all tid går med til å pakke, pakke, pakke! I tillegg jobbar eg på nytt platecover og nye illustrasjonar til musikaren Anette Askvik, som eg har jobba med tidligare og. Sjekk ut musikken hennar,  det er dagens gode anbefaling! 

torsdag 12. september 2013

Haust


Hausten er her med blanke ark! Måla mine for hausten er å lage enda fleire teikneseriehistorier og få fleire illustrasjonsoppdrag. Eg skal og søke om støtte til teikneserieprosjektet mitt, så det blir litt søknadsskriving og.  Eg jobbar alltid best når eg har mål, delmål og tidsfristar foran meg, og det er alltid bra å ha noko langsiktig å jobbe mot. Så her blir det idémyldring, teikning, promotering og skriving utover hausten, så kjem det forhåpentligvis både spanande oppdrag og prosjektstøtte etterkvart!

mandag 9. september 2013

Forresten

Torsdag 19. september slippes neste nummer av Forresten på Jippi forlag. Der har eg bidratt med to teikneseriehistorier; "Tjuveriet" og "Barbie". Dei er er på henholdsvis tre og to sider, og er sjølvbiografiske. Dette er dei to første teikneseriehistoriene eg har laga, så eg er veldig fornøgd med å få dei på trykk! Det er ein stor motivasjonsfaktor for å jobbe videre med teikneserier i tida framover. Nedanfor ser dykk ein smakebit frå "Barbie"; når bladet ligg ute for salg vil eg legge ut historiene i full lengde på nettstaden min!




mandag 26. august 2013

Saatvedt, Ekström & Søn

Det har vore ein sumar full av jobbing, men mest på Astrup Fearnley museet, der det har vore utvida åpningstider. Mykje museumsjobbing, sumarstengt barnehage og kjøp og salg av bolig har gjort at eg har tatt ein lang sumarferie frå teikninga. Men no er sumaren på hell, og det blir fint å komme tilbake til dagliglivet att.

Eg blei spurt av fotograf  Thomas Ekström om å lage eit motiv for kontorfelleskapet Saatvedt, Ekström & Søn. Det har i første omgang blitt trykt opp på nett, og eg synes dei blei veldig flotte!







fredag 14. juni 2013

25/100

Då har det blitt 25 skisser av i alt 100, i prosjektet med 100 skisser på 100 dagar. Eg må innrømme at det ikkje alltid er like enkelt. Eg har opplevd å vere stuptrøtt klar for senga, og midt i tannpussen har eg komme på skissene. "Herregud! Dagens skisse!" Så blir det noko veldig, veldig enkelt, slik som lampa du ser nedanfor. Som regel blir det enkelt. Men så langt er det berre ein dag der eg faktisk har gløymd det, men då låg eg skjelvande i senga med høg feber. Så det er i grunnen forståeleg. Eg synes prosjektet er kjempeartig, og det blir som ei lita dagbok. Eg anbefaler denne typen prosjekt til alle kreative, det er supert for å halde maskineriet i gang!




søndag 9. juni 2013

Magasinanbefaling: Uppercase

Eg bestilte det nyaste nummeret av Uppercase i posten, og eg gleda meg veldig til å få det. Det såg veldig lekkert ut, og denne utgåva var dedikert til stationary. Kva blir det på norsk, eigentleg? Papirvarer? Uansett; bladet er nydeleg designa på lekkert papir, visuelt er det ein skikkeleg godbit! Men eg blei litt skuffa over innhaldet. Det var bra skrevet med gode tips, artiklar og intervju, men for meg blei det litt for lite vinkla på den kreative prosessen. Det er ein presentasjon av 50 designerar (som ligg gratis på nettet!) som eg hadde gleda meg til å lese, men som eg og blei litt skuffa over. Eg kjem til å teste ut eit nummer til, for eg trur berre ikkje eg var heilt i målgruppa for produksjon av papirvarer. Eg skulle gjerne sett meir teikning og illustrasjon! Men kanskje det kjem i neste nummer?

tirsdag 28. mai 2013

It´s nice that


Nettstaden It´s nice that har ein haug med flotte artiklar innan kunst og designfeltet. Dei har og gjort profilar på ein rekke illustratørar, og her er det mykje fint å hente. Ta ein titt!


fredag 24. mai 2013

Runde fyr


Motivet er henta frå eit foto eg tok på ein klassetur til Runde i 1993.

Gjennom tidene har det forlist fleire skip ved Runde, og det resulterte bla i funnet av den store Rundeskatten i 1972. Rykta seier at det har blitt funne fleire småmyntar i fjæresteinane ved Runde fyr i ettertid, og me hadde blitt lova at me skulle få leite etter desse myntane på klasseturen. Då me var på veg ned til fyret blåste det opp så sterk vind at me ikkje fekk gå ned dit, og skuffelsen var stor. Tanken på alle vrakrestane, sjøfolka og myntane som hadde drevet i land der gjorde heile øya magisk for oss.

Det gjekk og ei historie om ei hole som gjekk heilt frå Skottland til Runde, ein hund hadde visst komen opp derfrå ein gong. Eller kanskje det var både eigar og hund? Eg hugsar ikkje heilt, eg hugsar best følelsen eg fekk i magen av den historia.

onsdag 22. mai 2013

100 dagar / 100 skisser

Tittelen seier vel det meste. Ei skisse dagleg i 100 dagar. No er eg berre på dag fem, men eg likar prosjektet meir og meir. Eg kikkar heile tida etter motiv, og her er det berre å leike seg, prøve seg fram og ikkje bry seg med "kva det skal bli". Det einaste det skal bli er ein stor bunke med hundre teikningar!

mandag 20. mai 2013

Magasinanbefaling: Wrap

Hvis du er interessert i illustrasjon vil eg anbefale deg det engelske magasinet Wrap! Det kjem ut tre gonger i året, og eg har bestilt dei siste utgåvene frå nettsida deira. Dei har fine artiklar og intervju med dyktige illustratørar, og i tillegg får du med 5 ark med illustrasjonar laga spesielt for det nyaste nummeret av Wrap. Desse kan du bruke som innpakningspapir om du vil, derav navnet på bladet. Det er inspirerande å høyre om korleis andre jobbar, og Wrap har ofte intervju der ein får eit godt innblikk i illustratøren sin kvardag.  


Eg har nett bestilt eit anna designmagasin som er på veg i posten no, og hvis det er bra skal eg fortelje om det og. Anbefal meg gjerne fleire magasin om du veit om noko bra!

mandag 13. mai 2013

Paris

I 2008 var eg to veker i Paris, og med på turen hadde eg ei ny skissebok. Den hadde eg laga spesielt for turen, og eg fylte den opp med skisser, utklipp og funne objekt. Du kan sjå fleire bilder frå boka i portfolioen min. Å ha ei eiga bok til ein slik tur er både veldig inspirerande, men det blir og eit veldig kjekt minne! 

Eg har en haug med dagbøker, skissebøker og fotoalbum liggande, det er rett og slett noko spesielt med det å kunne halde noko i hendene. Å kunne kjenne papiret og teksturen, kjenne tyngden av boka og sjå korleis tida preger arka. Heia blyant og papir og heia boka seier eg berre!  


mandag 6. mai 2013

Siste nytt



















Dei siste vekene har eg konsentrert meg om å lage to nye teikneseriehistorier. Håpet er å få ei av dei på trykk snart, så kryss fingrane! Eg føler verkeleg at teikneserier er midt i blinken for meg, og eg aner ikkje kvifor eg ikkje har gjort dette før. Eg elskar jo å teikne, og eg elsker å fortelje historier. Kvifor ikkje berre kombinere det? Fleire eg kjenner har tidlegare spurt kvifor eg ikkje har laga teikneserier, så folk rundt meg kjenner meg åpenbart bedre enn eg kjenner meg sjølv.

Eg blir ikkje rik av å teikne (enno...) så eg har fått meg deltidsjobb på Astrup Fearnley Museet  som museumsvert. Eg hadde samme jobben tidlegare og, men slutta då eg gjekk ut i foreldrepermisjon. Så no skal eg jobbe der mykje i sumar og tjene gode pengar! Ta gjerne turen innom, museet ligg i fantastiske nye lokaler på Tjuvholmen.  Nett no vises utstillinga "Untitled Horrors" av Cindy Sherman. Anbefales!

onsdag 17. april 2013

Tjuveriet

I det siste har eg jobba på ein teikneserie som heiter "tjuveriet". Den er på tre sider, og her får du sjå ein smakebit! Det er ei sann historie frå 1992, og som dei andre arbeida mine er det sjølvbiografisk.

mandag 8. april 2013

Litt av kvart!

Sidan sist har det vore påskeferie, og den blei tilbrakt i Romsdalen. Her kjem ei teikning frå vestlandet, som ein slags liten hyllest! 

Som ein bonus vil eg dele ein liten, rask teikneserie eg lagde sist eg var forkjøla. Det byrja å verke i øyret, og eit gammalt kjerringråd er å putte inn ein kvitlauksbåt. Eg er ikkje framand for å prøve litt alternative metoder.

mandag 18. mars 2013

Eg møter ein cowboy

Eg eksperimenterer fortsatt med forskjellige utrykk i teikneserien min, og eg byrjar å føle at eg er inne på noko. Her er ei utprøving som eg laga i helga; det er den fyrste skissa der eg bruker ruter og ikkje berre teiknar fritt på arket. Dette er ei ganske vill historie, men det skjedde for 10 år sidan altså. No er eg ei gift småbarnsmor.