mandag 11. mars 2013

Utstyr til bokbinding

Eg har laga meg ei ny skissebok, og den er i grunn ganske lik den eg hadde sist. Men eg tenkte å fortelle litt om kva ein treng for å binde bøker. Å binde bok treng slettes ikkje vere så vanskeleg, det er litt kva ein gjer det til sjølv. Ein kan lage flotte bøker med null utstyr, men det er litt lettare med eit par enkle hjelpemiddel. 

Det eg vil anbefale alle å ha, er ein god syl. Eg venta altfor lenge med å kjøpe det, og no fattar eg ikkje kvifor. Før brukte eg ei synål til å lage hol gjennom arka, og eg banna ein god del når eg skulle lage hol gjennom 10 ark samstundes. Vil du binde bok? Kjøp syl!

Eg veit faktisk ikkje kva det neste verktøyet heiter på norsk, men på engelsk heiter det bonefolder. Min er faktisk engelsk og, eg gløymde å levere han tilbake til college ved skuleslutt. Eller gløymde? Vel vel. Uansett; du brukar han til å lage linje der du skal brette arket, for så å folde arket med han. Den er veldig god å ha!

Du kan binde med kva slags tråd du vil, så lenge den er sterk nok og ikkje ryk når du drar litt i han. Men det aller beste er voksa tråd. Den sitt mykje bedre i hola når du syr, så du slepp å etterstramme heile tida mens du jobbar. Voksa tråd får du kjøpt på hobbybutikken.

Ein siste ting eg svergar til er lim som ikkje er vassbasert. Den brukar eg til å lime fast omslaget, og vassbasert lim kan fort få papiret til å bulke seg. Den limen eg brukar er faktisk kjøpt på ein bokbindarbutikk i Paris, men eg tippar det er lett å fatt i på ei hobbyforetning eller kanskje hjå ein verktøysbutikk som jernia.

Hvis du vil byrje med enkel bokbinding er det berre å søke i vei på youtube, der er det ein drøss med instruksjonvideoar. Bortsett frå eit lite kurs då eg studerte, er det youtube og eit par bøker som har lært meg det eg kan. Eg er på langt nær proff, men eg kan lage solide bøker som gjer jobben. Det er veldig artig å lage eigne bøker, berre prøv!

2 kommentarer:

  1. falsebein på norsk! ;)

    SvarSlett
  2. digger"hundedagar". Den sitter i kroppen enda den.

    SvarSlett