fredag 22. november 2013

Fredagsinspirasjon


I helga arrangeres Bergen Art Book Fair, og eg skulle SÅ ynskje at eg var der! Neste år skal eg ta turen, banna bein. Er du i Bergen må du dra dit! På bildet over ser du bagen deira, med fotografi tatt av mi gode venninne Klara Sofie Ludvigsen. Heldigvis har snille Klara gått med på å kjøpe nokre fine fanziner til meg under messa, så eg gler meg til å sjå kva skattar ho finn.

Sjekk ut arbeidet til teiknar Jenny Wildfang. Så flink!!

Melissa Castrillion er og fantastisk dyktig. Veldig inspirerande!

Dan Eldons skissebøker var ein stor inspirasjon for meg første året eg studerte, for 10 (!!!) år sidan.
Dan Eldon var engelsk/amerikansk, men vaks opp i Kenya samans med familien. Han byrja tidleg å interessere seg for teikning og fotografi, og han samla alt han laga og opplevde i eigne skissebøker. Tidleg i 20-åra byrja han å jobbe som krigsfotograf for Reuters, men berre 23 år gammal blei han drepen under eit opptak. Igjen låg ein haug med fargerike skissebøker, som i ettertid har blitt utgitt i eigne bøker. Ta ein titt!

Svein Nyhus sin bildebokskole har 70 leksjonar om alt som kan vedrøre bildebokillustrasjon. Teknikk, tekst og prosessen bak. Eg har ikkje sett gjennom alt, men her trur eg ein kan finne mykje spanande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar