fredag 6. desember 2013

Fredagsinspirasjon


Kor mange fine fanziner og bøker kan du få for 300 kroner på Bergen Art Book Fair? Ganske mange! Iallfall hvis du har ein så god ven som meg, som handlar for deg hvis du ikkje har tatt turen over fjellet sjølv. Her er linkar til dei talentfulle folka som har laga nokre av fanzinene og bøkene eg fekk.

Tieten met haar  er ei gruppe Belgiske jenter (Trur eg? Er litt usikker på nokre av navna der...) som lagar fanziner og teikneserier og generelt kule ting! Har berre skumma gjennom bloggen, men den ser fin ut og dei fortel morsomme historier frå reiser til forskjellige bokmesser og teikneseriemesser. Det er dei som har laga den øverste blå fanzina med drinkparaplyen. Den kom i ein pose med 9 fanziner rundt samme tema.

Kataklysmeg er ei nydeleg bok av Lisa Cranner og Ingri Haraldsen. Den har tekst av Cranner og teikningar av Haraldsen, og begge deler er veldig vakre. Sjølve boka er veldig fint lagd; cover, format og papir dannar ei flott heilheit. Sjå meir av Ingri Haraldsens teikningar her.

The Parked Car project. 8 fanziner der 8 teiknerar har dokumentert kvardagsobjekt i storbyen. Alt frå Trafikklys og søppelspann til offentlege toalett. Enkelt og gjennomført!

Flippeboka Volcano frå Renaud Perrin er veldig fin, og den har visst vunne ein flippebokpris (!) i 2009. Heiter det forresten flippebok på norsk? Du kan sjå ein YouTube-film av den her. Sjekk forresten ut butikken til utgivaren av boka; Napa Books. Mykje fint der! 

Fredrik Rysjedal si fanzine Fjes. Eg er veldig svak for samlingar av ting. Ei teikning av eit fjes? Det kan være fint. 20 teikningar av fjes? Veldig spanande! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar