fredag 18. januar 2013

Haustlauv

I 2006 byrja eg å teikne små teikningar om ting eg opplevde. Det byrja med nokre mislykka stevnemøter, også balla det på seg. Eg har teikna desse teikningane av og på fram til i dag, og det einaste som har forandra seg er frisyra mi, og at eg har byrja å fargelegge teikningane med enkle akvarellstrøk. Eit godt utvalg av serien kjem på den nye nettstaden min!




lørdag 12. januar 2013

Portfolio og prins Olav

I disse dagar jobbar eg på portfolioen min. Eg bygger ein ny nettstad der både portfolio og blogg er integrert, og det er både artig og utfordrande å velge ut kva arbeid som skal med. Kva arbeid likar eg best sjølv? Kva arbeid kan friste potensielle kundar? Kva vil eg gjere meir av? Eg skal ha ei eiga side med skisser i portfolioen min, og der skal denne teikninga av dronning Maud og lille prins Olav ligge!

mandag 7. januar 2013

Nytt år og ein frisk start!


Godt nyttår! Då er 2013 i gang, og det er ein ny start for for oss her heime. Edvard har nett byrja i barnehagen, og eg skal byrje å jobbe igjen. No har eg vore heime med Edvard i 14 månader, så eg gler meg til å komme igang. Sjølv om det selvfølgelig er skummelt å levere den lille babyen min til barnehagen, trur eg me begge er klar for nye impulsar. Her er mine mål for det nye året!

I 2013 skal eg komme godt igang med teikneoppdrag. Eg elskar å jobbe med eigne prosjekt, og det er det eg har gjort mest dei siste åra, men no er eg klar for oppdrag og!

Eg skal prioritere dei viktige tinga. Eg elsker nemleg å organisere, systematisere og ha orden i sysakene. Det er jo vel og bra, men det er kanskje ikkje vits å sette opp regnskap før ein har tjent noko...? 

Eg skal ikkje gje meg når noko er vanskeleg. Eg er ganske utålmodig av meg, og får eg ikkje til noko, legg eg det vekk. For godt. Den store prøven no er ein sokk eg skal strikke. Eg har banna i tre dagar, og har såvidt kommet igang. Men eg skal ikkje gje meg! Det er personlig utvikling i sokkeform. Rett og slett. Får eg til å strikke eit par sokkar, kan eg få til det meste.

Blogge. Og dele tinga mine.