søndag 24. februar 2013

Inspirasjon!



















Eg elskar Pinterest! Det er her eg finn mykje av inspirasjonen min, og ein av stadene eg følger er sida til drawdrawdraw. Dei pinnar berre teikning eller teiknerelaterte bilete. Ei som gjer det same er Marta Claret. Ho finn dei vakraste, mest inspirerande teikningane og deler dei vidare.  Ta ein titt på sidene deira, eg lover du finn mykje fint!

Hvis du likar illustrasjon og bokdesign bør du ta turen over til nettstaden Book by its cover.  Den har ei pause nett no, men det er utruleg mykje fint å titte gjennom. Illustrasjonar, bokdesign, skissebøker og intervju.

Har du nokre gode inspirasjonstips er det berre å dele dei med meg!

mandag 18. februar 2013

Full skissebok!

Då var skisseboka mi full. Den har eg brukt sidan sumaren, og den har verkelig gjort jobben. Det er fint å bruke mine heimelaga bøker for det det er verdt, for då ser eg at dei tåler ein støyt. Det er greit med tanke på å gje bøkene i gåve eller selge dei. Som dykk ser har baksida blitt brukt som palett, og innsida er full av lause ark og klips. Den har vore ein trofast ven, men no er det på tide å lage ei ny! 



torsdag 14. februar 2013

Johan

Eg har ei lita skissebok der eg samlar teikningar av Johan. Litt fordi eg elskar han, men mest fordi han er rundt meg kvar dag, og raske skisser er bra for å halde teiknehanda ved like. Eg har nett byrja, men tilslutt skal det bli ei heil samling raske Johanskisser. 


søndag 10. februar 2013

Søndagsskisser



















Eg har laga ny skissebok til eit nytt prosjekt. Den har tjukke, gode ark og er i A4 format.  Som regel har eg forskjellige typer papir i bøkene mine, men no treng eg ei bok der eg kan bruke akvarellfarger. Eg skissar til ein ny sjølvbiografisk teikneserie, og teikninga til høgre forestiller meg sjølv som 15 åring. Når eg har teikna meg sjølv tidligare har eg brukt ein mykje enklare strek, så det er utfordrande å skulle legge til fleire detaljar. Før har eg jo berre vore to prikkar og ein strek

Bilda er forresten frå instagram. Hvis du vil følge meg heiter eg anjadahle!

fredag 8. februar 2013

gule flekkar og det å ta valg

I seinare tid har eg brukt mykje blekk og blyant. Lite farger med andre ord. No øver eg meg på å bruke farger igjen; det er jo så kjekt! Eg har aldri vore fan av å jobbe digitalt. Grunnen til det er at det er så mange valg! Du kan prøve hundre farger og framleis lure på om du har valgt riktig. Jobbar ein med hendene må ein velge før ein sett penselen på arket. Kanskje blir det feil, kanskje blir det bra! Eg trur det er bra å tenkje seg om to gonger, og ikkje berre  prøve seg fram til ein treffer blink. Det kan vere artig å teste ut fleire alternativer, men i bunn og grunn er eg glad i å berre ta eit valg. Det skal bli gul! Så målar eg ein stor, gul flekk. Så blei det slik, eg kan ikkje trykke på angreknappen. 

mandag 4. februar 2013

Back to basics


Eg har alltid likt å lage system, halde orden og gjere administrative oppgåver. Nokre gonger har eg kosa meg sånn med det, at eg har gløymd det eg eigentleg skulle. Sånn som at eg har laga fine og flotte visittkort, og tenkt at det er viktig at nettstaden og epostadressa matchar. Det er jo ikkje det folk ser på! No bruker eg den tida eg har på å teikne i staden, midt oppi klesvasken og duplo her heime.

fredag 1. februar 2013

Ny portfolio!

Då er min nye portfolio på nett, ta ein titt! Eg har jobba på den i eit par veker no, og eg er veldig fornøgd med resultatet. Det har vore spanande å gå gjennom både gamle og nye arbeid for å sjå kva som skulle med, og eg gler meg til å legge til nye arbeid etterkvart som dei kjem til. Nytt år, ny nettstad, og forhåpentligvis nye oppdrag etterkvart!