mandag 18. mars 2013

Eg møter ein cowboy

Eg eksperimenterer fortsatt med forskjellige utrykk i teikneserien min, og eg byrjar å føle at eg er inne på noko. Her er ei utprøving som eg laga i helga; det er den fyrste skissa der eg bruker ruter og ikkje berre teiknar fritt på arket. Dette er ei ganske vill historie, men det skjedde for 10 år sidan altså. No er eg ei gift småbarnsmor.

mandag 11. mars 2013

Utstyr til bokbinding

Eg har laga meg ei ny skissebok, og den er i grunn ganske lik den eg hadde sist. Men eg tenkte å fortelle litt om kva ein treng for å binde bøker. Å binde bok treng slettes ikkje vere så vanskeleg, det er litt kva ein gjer det til sjølv. Ein kan lage flotte bøker med null utstyr, men det er litt lettare med eit par enkle hjelpemiddel. 

Det eg vil anbefale alle å ha, er ein god syl. Eg venta altfor lenge med å kjøpe det, og no fattar eg ikkje kvifor. Før brukte eg ei synål til å lage hol gjennom arka, og eg banna ein god del når eg skulle lage hol gjennom 10 ark samstundes. Vil du binde bok? Kjøp syl!

Eg veit faktisk ikkje kva det neste verktøyet heiter på norsk, men på engelsk heiter det bonefolder. Min er faktisk engelsk og, eg gløymde å levere han tilbake til college ved skuleslutt. Eller gløymde? Vel vel. Uansett; du brukar han til å lage linje der du skal brette arket, for så å folde arket med han. Den er veldig god å ha!

Du kan binde med kva slags tråd du vil, så lenge den er sterk nok og ikkje ryk når du drar litt i han. Men det aller beste er voksa tråd. Den sitt mykje bedre i hola når du syr, så du slepp å etterstramme heile tida mens du jobbar. Voksa tråd får du kjøpt på hobbybutikken.

Ein siste ting eg svergar til er lim som ikkje er vassbasert. Den brukar eg til å lime fast omslaget, og vassbasert lim kan fort få papiret til å bulke seg. Den limen eg brukar er faktisk kjøpt på ein bokbindarbutikk i Paris, men eg tippar det er lett å fatt i på ei hobbyforetning eller kanskje hjå ein verktøysbutikk som jernia.

Hvis du vil byrje med enkel bokbinding er det berre å søke i vei på youtube, der er det ein drøss med instruksjonvideoar. Bortsett frå eit lite kurs då eg studerte, er det youtube og eit par bøker som har lært meg det eg kan. Eg er på langt nær proff, men eg kan lage solide bøker som gjer jobben. Det er veldig artig å lage eigne bøker, berre prøv!

torsdag 7. mars 2013

Nytt arbeid i portfolioen!

Serien "Stars, all we ask for is our right to twinkle" ligg no ute på nettstaden min. Ta gjerne ein titt! 


tirsdag 5. mars 2013

Hærverk

Som eg har nevnt tidligare, jobbar eg med ein ny sjølvbiografisk teikneserie. Eg prøver fortsatt ut streken, fargebruken, komposisjonen og tekstplasseringa, dette er jo heilt i oppstartsfasa. Men eg har hatt det veldig artig når eg lagde denne skissa, og historia er ganske morosam, så då fekk eg lyst til å dele den her.  Håpar dykk likar den!







mandag 4. mars 2013

Stars, all we ask for is our right to twinkle

Tekninga over er frå ein serie originalt kalla "Stars, all we ask for is our right to twinkle", eit sitat Lindsay Lohan har tatovert på armen. I ei periode henta eg ein del motiv frå paparazzibilde, og eg syntes kontrasten mellom det originale motivet og den tidkrevande blyantskraveringa var spanande å utforske. Eit kjapt foto på billig, glansa papir blei nitidig behandla i timesvis med blyanten. Prosessen gjer motivet meir tidlaust, og eg tenkjer at ein ser det med litt andre auge. 

Det blir spanande å presentere desse teikningane samans med nyare arbeid  i den nye fanzina som eg jobbar med!

fredag 1. mars 2013

Brad Pitt og ny fanzine

Nett no jobbar eg med ei digital fanzine. Eg har ein serie teikningar frå 2011 som eg vil vise fram, og eg fekk lyst å sette dei samans til ein serie. For å lage ein raud tråd blandar eg og  inn nokre nye teikningar, og det er ganske utfordrande. Dei gamle teikningane er i ein litt annan stil, og å lage ein god flyt i serien krever litt prøving og feiling. Alle motiva er med utgangspunkt i paparazzibilder og sladreblader, og teikninga under er ei av dei nye arbeida som skal med. 

Planen framover er å få lagt ut denne serien på nettstaden min for å få vist enda meir bredde i teikninga mi. Eg jobbar og med teikneserien min, og eg gler meg til å ha meir å vise fram. Framleis skisser eg på teiknestilen, detaljnivå, fargebruk og komposisjon. I tillegg samlar eg historier som skal med, så det er ganske mykje som skal på plass. Eg er og midt oppi å lage meg ei ny skissebok og, så det er meir enn nok å henge fingrane i. God helg!