tirsdag 28. mai 2013

It´s nice that


Nettstaden It´s nice that har ein haug med flotte artiklar innan kunst og designfeltet. Dei har og gjort profilar på ein rekke illustratørar, og her er det mykje fint å hente. Ta ein titt!


fredag 24. mai 2013

Runde fyr


Motivet er henta frå eit foto eg tok på ein klassetur til Runde i 1993.

Gjennom tidene har det forlist fleire skip ved Runde, og det resulterte bla i funnet av den store Rundeskatten i 1972. Rykta seier at det har blitt funne fleire småmyntar i fjæresteinane ved Runde fyr i ettertid, og me hadde blitt lova at me skulle få leite etter desse myntane på klasseturen. Då me var på veg ned til fyret blåste det opp så sterk vind at me ikkje fekk gå ned dit, og skuffelsen var stor. Tanken på alle vrakrestane, sjøfolka og myntane som hadde drevet i land der gjorde heile øya magisk for oss.

Det gjekk og ei historie om ei hole som gjekk heilt frå Skottland til Runde, ein hund hadde visst komen opp derfrå ein gong. Eller kanskje det var både eigar og hund? Eg hugsar ikkje heilt, eg hugsar best følelsen eg fekk i magen av den historia.

onsdag 22. mai 2013

100 dagar / 100 skisser

Tittelen seier vel det meste. Ei skisse dagleg i 100 dagar. No er eg berre på dag fem, men eg likar prosjektet meir og meir. Eg kikkar heile tida etter motiv, og her er det berre å leike seg, prøve seg fram og ikkje bry seg med "kva det skal bli". Det einaste det skal bli er ein stor bunke med hundre teikningar!

mandag 20. mai 2013

Magasinanbefaling: Wrap

Hvis du er interessert i illustrasjon vil eg anbefale deg det engelske magasinet Wrap! Det kjem ut tre gonger i året, og eg har bestilt dei siste utgåvene frå nettsida deira. Dei har fine artiklar og intervju med dyktige illustratørar, og i tillegg får du med 5 ark med illustrasjonar laga spesielt for det nyaste nummeret av Wrap. Desse kan du bruke som innpakningspapir om du vil, derav navnet på bladet. Det er inspirerande å høyre om korleis andre jobbar, og Wrap har ofte intervju der ein får eit godt innblikk i illustratøren sin kvardag.  


Eg har nett bestilt eit anna designmagasin som er på veg i posten no, og hvis det er bra skal eg fortelje om det og. Anbefal meg gjerne fleire magasin om du veit om noko bra!

mandag 13. mai 2013

Paris

I 2008 var eg to veker i Paris, og med på turen hadde eg ei ny skissebok. Den hadde eg laga spesielt for turen, og eg fylte den opp med skisser, utklipp og funne objekt. Du kan sjå fleire bilder frå boka i portfolioen min. Å ha ei eiga bok til ein slik tur er både veldig inspirerande, men det blir og eit veldig kjekt minne! 

Eg har en haug med dagbøker, skissebøker og fotoalbum liggande, det er rett og slett noko spesielt med det å kunne halde noko i hendene. Å kunne kjenne papiret og teksturen, kjenne tyngden av boka og sjå korleis tida preger arka. Heia blyant og papir og heia boka seier eg berre!  


mandag 6. mai 2013

Siste nytt



















Dei siste vekene har eg konsentrert meg om å lage to nye teikneseriehistorier. Håpet er å få ei av dei på trykk snart, så kryss fingrane! Eg føler verkeleg at teikneserier er midt i blinken for meg, og eg aner ikkje kvifor eg ikkje har gjort dette før. Eg elskar jo å teikne, og eg elsker å fortelje historier. Kvifor ikkje berre kombinere det? Fleire eg kjenner har tidlegare spurt kvifor eg ikkje har laga teikneserier, så folk rundt meg kjenner meg åpenbart bedre enn eg kjenner meg sjølv.

Eg blir ikkje rik av å teikne (enno...) så eg har fått meg deltidsjobb på Astrup Fearnley Museet  som museumsvert. Eg hadde samme jobben tidlegare og, men slutta då eg gjekk ut i foreldrepermisjon. Så no skal eg jobbe der mykje i sumar og tjene gode pengar! Ta gjerne turen innom, museet ligg i fantastiske nye lokaler på Tjuvholmen.  Nett no vises utstillinga "Untitled Horrors" av Cindy Sherman. Anbefales!