fredag 14. juni 2013

25/100

Då har det blitt 25 skisser av i alt 100, i prosjektet med 100 skisser på 100 dagar. Eg må innrømme at det ikkje alltid er like enkelt. Eg har opplevd å vere stuptrøtt klar for senga, og midt i tannpussen har eg komme på skissene. "Herregud! Dagens skisse!" Så blir det noko veldig, veldig enkelt, slik som lampa du ser nedanfor. Som regel blir det enkelt. Men så langt er det berre ein dag der eg faktisk har gløymd det, men då låg eg skjelvande i senga med høg feber. Så det er i grunnen forståeleg. Eg synes prosjektet er kjempeartig, og det blir som ei lita dagbok. Eg anbefaler denne typen prosjekt til alle kreative, det er supert for å halde maskineriet i gang!




søndag 9. juni 2013

Magasinanbefaling: Uppercase

Eg bestilte det nyaste nummeret av Uppercase i posten, og eg gleda meg veldig til å få det. Det såg veldig lekkert ut, og denne utgåva var dedikert til stationary. Kva blir det på norsk, eigentleg? Papirvarer? Uansett; bladet er nydeleg designa på lekkert papir, visuelt er det ein skikkeleg godbit! Men eg blei litt skuffa over innhaldet. Det var bra skrevet med gode tips, artiklar og intervju, men for meg blei det litt for lite vinkla på den kreative prosessen. Det er ein presentasjon av 50 designerar (som ligg gratis på nettet!) som eg hadde gleda meg til å lese, men som eg og blei litt skuffa over. Eg kjem til å teste ut eit nummer til, for eg trur berre ikkje eg var heilt i målgruppa for produksjon av papirvarer. Eg skulle gjerne sett meir teikning og illustrasjon! Men kanskje det kjem i neste nummer?