torsdag 31. oktober 2013

Bologna og søknadar

Jippi! Eg skal til Bologna i mars! Eg har blitt tildelt Norsk illustrasjonsfond sitt Bolognastipend, som gir støtte til å besøke den årlige barnebokmessa i Bologna. Så då gler eg meg til inspirasjon, fagleg påfyll, italiensk mat, å få sove heile net på hotell (luksus for ei småbarnsmor!) og å sjå meg rundt i Bologna. 

Eg har nett levert inn ein annan stipendsøknad og, der eg ber om støtte til eit stort teikneserieprosjekt. 
Nedanfor ser dykk ei skisse til prosjektet. Kryss fingrane! Og får eg ikkje støtte no, så har eg iallfall kome mykje lengre med prosjektet medan eg jobba med søknaden, og det er ikkje verst det heller. Eg har alltid likt søknadsprosesser, for det gjer at ein ser på arbeidet sitt på ein ny måte. Ein evaluerer og oppsummerer, og det er aldri dumt frå tid til annan.