fredag 29. november 2013

Fredagsinspirasjon



Ta ein titt på arbeidet til Luke Best.  Han er ein del av Peepshow kollektivet, og det er ein gjeng med knallflinke folk!

Nobrow er eit lite, engelsk forlag som fokuserer på teikneserier, illustrasjon og kunstbøker. Dei har mykje fint! Nokre gonger håndprinter dei små opplag av bøker og, og det er mykje inspirerande å sjå.

Denne artikkelen hjå nettstaden Rookie om å komme seg ut av skrivesperrer er veldig kjekk. Mange gode tips som kan overføres til dei fleste kreative yrker vil eg tru!

Om ein er på utkikk etter ny inspirasjon, kan ein sjå i stallen til forskjellige illustrasjonsagentar. Det er mykje fint hjå Agent Pekka som held hus i Helsinki og Amsterdam, norske ByHands, eller engelske Unseen Agency.

Moleskine The Detour Book. Såg den i bokhandelen i går, og fekk veldig lyst på den. Boka inneheld eit utvalg sider frå 250 Moleskinebøker, og den er full av tekster, teikningar og utklipp. Midt i blinken for meg som er vill etter skissebøker!

onsdag 27. november 2013

Derek Jarman's Sketchbooks

Filmskapar Derek Jarman brukte eit utall skissebøker i arbeidet sitt. Han fylte dei med tanker, skisser, storyboard, fotografi, lister, dikt, utklipp, polaroidbilder, dialog, tørka blomar og fotokopiar. Blant anna. Eit utvalg frå desse bøkene er no utgitt i ei tjukk bok som du kan bestilte frå Amazon. Den er så utruleg fin, og det er veldig inspirerande å sjå skissebøker som er så velbrukt og velfylte som desse!


fredag 22. november 2013

Fredagsinspirasjon


I helga arrangeres Bergen Art Book Fair, og eg skulle SÅ ynskje at eg var der! Neste år skal eg ta turen, banna bein. Er du i Bergen må du dra dit! På bildet over ser du bagen deira, med fotografi tatt av mi gode venninne Klara Sofie Ludvigsen. Heldigvis har snille Klara gått med på å kjøpe nokre fine fanziner til meg under messa, så eg gler meg til å sjå kva skattar ho finn.

Sjekk ut arbeidet til teiknar Jenny Wildfang. Så flink!!

Melissa Castrillion er og fantastisk dyktig. Veldig inspirerande!

Dan Eldons skissebøker var ein stor inspirasjon for meg første året eg studerte, for 10 (!!!) år sidan.
Dan Eldon var engelsk/amerikansk, men vaks opp i Kenya samans med familien. Han byrja tidleg å interessere seg for teikning og fotografi, og han samla alt han laga og opplevde i eigne skissebøker. Tidleg i 20-åra byrja han å jobbe som krigsfotograf for Reuters, men berre 23 år gammal blei han drepen under eit opptak. Igjen låg ein haug med fargerike skissebøker, som i ettertid har blitt utgitt i eigne bøker. Ta ein titt!

Svein Nyhus sin bildebokskole har 70 leksjonar om alt som kan vedrøre bildebokillustrasjon. Teknikk, tekst og prosessen bak. Eg har ikkje sett gjennom alt, men her trur eg ein kan finne mykje spanande.

onsdag 20. november 2013

Mobilknips frå arbeidsbordet


















Her er eit par mobilbilder frå arbeidsbordet mitt. Til venstre kan du skimte Inga H. Sætre sin teikneserie "Varmere, kaldere, varmere, kaldere", som nett no står framme til inspirasjon. Ta gjerne ein nærare titt på den, Inga H. Sætre er kjempeflink! I bildet til høgre ser du eit par nye notatbøker som eg nett har laga. Etterkvart vil det bli mulig å kjøpe desse bøkene, så stay tuned!

mandag 18. november 2013

Teikneserieskisser


Her er nokre skisser til teikneserieprosjektet som eg jobbar med for tida. Husa og båtane er generelle stemningsskisser som eg ikkje har ei klar plan for, det er meir utprøving og motivtesting. Dei to andre teikningane er til ei kort historie som eg jobbar med no, og som eg trur blir veldig fin. 

Med dei første teikneseriehistoriene eg lagde, brukte eg veldig lang tid på å sette opp historia og å få god flyt i teikningane. Eg hadde ikkje story board og eg  flytta fram og attende på ting medan eg jobba. No har eg ikkje lagd så mange historiene enno, men eg føler allereie at eg byrjar å få meir dreisen på prosessen. Eg byrjar iallfall med å skisse masse, og til slutt lagar eg eit skikkeleg story board. Nedfor kan du sjå eit eksempel på tidlige skisser i prosessen!

fredag 15. november 2013

Fredagsinspirasjon




Meet the Somalis er 14 sanne historier om Somaliere som bur i Europeiske byar. Dei er laga som teikneserier, og er veldig, veldig fine! Dei er både triste, oppløftande, rørande og skremmande, og dei viser på ein veldig fin måte enkeltindivida i denne store folkegruppa. Eg synes teikneserier er eit utruleg bra medium for å skildre tøffe historier, og desse teikneseriane er eit godt eksempel på det.

På bloggen Halve Kongeriket hjå Cappelen Damm ligg det fleire lydintervju med illustratørar. Dei er veldig fine! Nokre eg likte er  Max EstesAnna Fiske og Camilla Kuhn.

Utstillinga "Munch på Papir" har nett åpna på Munchmuseet, og der vises skisser, akvareller, grafikk, og ikkje minst dei 170 skissebøkene hans. Det var heilt fantastisk å sjå alle desse bøkene utstilt, og dei var hovedgrunnen til at eg for på utstillinga. Å få eit så godt innblikk i den kreative prosessen hans er ei heilt unik muligheit som eg ikkje kunne gå glipp av. No kan ein selvfølgeleg ikkje bla i bøkene, dei ligg oppslått på utvalgte sider. Men alle bøkene er avfotografert, og ein kan bla gjennom dei over 4500 teikningane på iPad. Anbefales!

Teiknar og illustratør Caroline Gaedechens. Nydeleg arbeid!

Nettbutikken Present&Correct som har det mest fantastiske utvalget av merkelappar, konvoluttar, notatbøker og kontorrekvisitta i eit heilt nydeleg design. Berre sjå på desse stempla!


tirsdag 12. november 2013

the Artist's guide

Eg vil anbefale boka "The Artist's guide: how to make a living doing what you love" av Jackie Battenfield. Den er eigentleg meint for billedkunstnerar, men eg trur alle som jobbar med noko kreativt kan ha eit kjempestort utbytte av den. Den er full av verktøy, oppgåver og personlege erfaringar, pluss tips frå fleire profesjonelle kunstnerar. Den handlar om korleis skrive søknadar, korleis presentere arbeidet ditt,  korleis få eit nettverk, korleis tjene pengar, og kva gjer ein hvis ein ikkje gjer det?  Boka er inspirerande skrevet, og den er full av personlege erfaringar og tips. Det einaste negative med boka for oss nordmenn er at den er skrevet med tanke på ein amerikansk marknad. Det er derfor ein del tips som ikkje virkar heilt relevant for oss, til dømes fleire som omhandlar økonomi. Men alt i alt er dette ei fantastisk bok som alle bør lese. Iallfall dei som jobbar med noko som helst kreativt på frilansbasis. Løp og kjøp! 



fredag 8. november 2013

Fredagsinspirasjon!



















Dette intervjuet med Anna Fiske på bloggen Bilder og Bokstaver. Ein blogg hjå Cappelen Damm, skrevet av designer Elisabeth Vold Bjone. Her kan du finne enda fleire illustratørintervjuer.

Arbeida til Martha Verschaffel. Dei er berre nydelege og eg blir så inspirert! Teikningane hennar snakkar så fint samans, og ho fanger stemningar på ein unik måte.

Hjartesmil. Dei fleste kjenner vel denne bloggen frå før, men eg vil trekke den fram likevel. Verdas største nynorskblogg, skrevet av fotograf og forfattar Mariell Øyre. Ho jobbar knallhardt og utrettar så mykje bra. Ein stor inspirasjon!

Innlegget 100 ideas på bloggen til illustratør Keri Smith. Det ligg mykje anna fint der og, så kikk litt rundt!

Arbeida til svenske Klara Wiksten. Elskar teikneseriane hennar! Kjøp gjerne boka hennar, det har eg gjort.

tirsdag 5. november 2013

Annie Leibovitz: Life Through a Lens

Denne dokumentaren er så fantastisk inspirerande og fin! Sjå den, sjå den, sjå den. Uansett kva slags kreativt medium ein jobbar i, er eg sikker på at ein vil få eit stort utbytte av å høyre om fotograf Annie Leibovitz sitt liv og arbeid. Eg har sett den mange gonger, og eg blir like inspirert kvar gong. Eg elskar å få eit glimt inn i prosessen til flinke, kreative folk! Tips meg gjerne om du veit om andre lignande dokumentarar.