fredag 20. desember 2013

Fredagsinspirasjon

Barneboka Pezzettino av Leo Lionni. Fantastiske illustrasjonar i denne italienske klassikaren frå 1973. Du kan forresten kikke i den hjå Amazon. Eg les den for sønnen min no, han er to år og akkurat gammal nok. Enkel men fin handling, nydeleg språk og spanande illustrasjonar med collage. Boka handlar altså om lille Pezzettino, det er den lille firkanten som sit i båten på bildet. 

Radioprogrammet "This American Life". Det er som regel eit tema for kvar episode, med fleire forskjellige historier rundt samme tema. Som regel er det sanne og heilt fantastiske historier frå kvardagsfolk, og mykje er så rart og sprøtt at ein nesten ikkje kan tru det er sant. Alle episodene ligg på nettsida deira, så du kan streame dei direkte, eller du kan laste dei ned som podcast. Eg høyrer ofte på "This American Life" når eg tegnar, og eg har både ledd og grått. Anbefales på det varmaste.

Dette intervjuet med illustratør Laura Carlin om korleis få oppdrag som illustratør og dette intervjuet med Isabel Greenberg om korleis skrive grafiske noveller. Begge intervjua er henta frå nettstaden IdeasTap

Sjekk ut danske Line Lisberg Refstrups Flickrkonto. Ho har ein blogg og, og ho lager så mykje fint! Ho har og animert denne filmen, basert på ein radiodokumentar av Kajsa Kvaale. Den er nydeleg!



torsdag 19. desember 2013

Ei lita episode frå i sumar


Eg teikna ned denne episoda i skisseboka mi i går, sidan eg satt og drakk av den overnevnte brennesleteen. Eg svergar; det smakar kun brennesle og ikkje hundetiss.

mandag 16. desember 2013

Bikini og jobbing
























Eit lite utsnitt frå ei historie eg jobba med før helga. Eg prøver meg fram med pennesplitt og blekk, og eg synes det funkar fint. Har og prøvd med blekk og pensel, då må eg berre teikne alt større og skalere ned. Men det er ein fin variasjon frå blyanten! 

Eg teiknar og teiknar. Nokre gonger føler at prosjektet går knallbra, andre gonger møter eg meir motstand. Kva skal dette bli til, liksom? Har det heile ein raud tråd? Blir det engasjerande for lesaren? Er teikningane bra nok? Så sitt eg der og vurderar. Men det einaste som hjelp då er å berre teikne vidare; då løyser dei fleste flokene seg av seg sjølv. Det som ikkje fungerar så bra for meg er å legge vekk arbeidet og gå og gruble på det. Då går eg berre og kjenner på det som ikkje fungerer. Dette er nok forskjellig frå person til person, men for meg er det best å ta tak i det med ein gong. Teikne, teikne, sjå på litt inspirasjon, ta ein kopp te, teikne, teikne, teikne, og der løysna det visst. Som regel, då.

fredag 13. desember 2013

Fredagsinspirasjon

Her er meir inspirasjon! På bildet kan du sjå dei siste teikneseriane eg har lest. Nokre har komme i posten, og andre har eg har lånt på biblioteket. Eg jobbar på biblioteket i ny og ne, og då sitt eg alltid å bestiller inn ein drøss med teikneserier til meg sjølv. Dei tynne hefta på bildet har eg nett bestilt frå Jippi forlag, det er "Møkkajentene del 3 - Mye onsdag og litt helg" av Inga Sætre, "Ugler" og "Ugler 2" av Martin Ernsten og "trost" av Rui Tenreio.

Les dette Intervjuet med teikneserieteiknar Coco Moodysson. Eg har berre lest albumet hennar "Coco Platina Titan Total" som eg elska, men no har eg bestilt inn meir frå biblioteket. Eg gler meg!

Her kan du lese eit intervju med Lizzy Stewart, som er ein fantastisk flink teiknar. Intervjuet er frå 2009 då ho var ferdig utdanna, og ho har gjort mykje fint sidan då. Her er heimesida hennar.

Marja Inez lagar mykje fint. Illustrerer bla fast for Rookie magazine.

Vanessa Davis har laga det fantastiske, fantastiske sjølvbiografiske seriealbumet "Make me a Woman". Eg har lest det fleire gonger, og no bestilte eg endelig mitt eige eksemplar frå Amazon. Ein stor inspirasjonskjelde, og ho er faktisk ikkje svensk (!).

Frøydis Sollid Simonsen studerer ved serieskolan i Malmö og har nett debutert som forfattar med boka "Hver morgen kryper jeg opp fra havet" på Gyldendal. Sjå noko av arbeidet hennar her, eller sjå på bloggen hennar. Ho var og ei av dei som blei trekt fram i artikkelen i D2 for eit par veker sidan, så slik oppdaga eg arbeidet hennar!

onsdag 11. desember 2013

Teikne, ikkje tenkje

Den siste veka har eg jobba med ei ny teikneseriehistorie. Eg har teikna, vurdert, viska ut, teikna, vurdert, teikna meir, prøvd nye ting, vurdert igjen. Då er det fint å ta ei pause og berre teikne utan å tenkje! Å teikne fort, rote, ikkje få det heilt til, prøve igjen, fargelegge, øydelegge, prøve noko nytt og berre leike seg. Plutseleg sitt ein der med ein stor bunke nye teikningar, og innimellom streka finn ein plutseleg noko som glitrar.





fredag 6. desember 2013

Fredagsinspirasjon


Kor mange fine fanziner og bøker kan du få for 300 kroner på Bergen Art Book Fair? Ganske mange! Iallfall hvis du har ein så god ven som meg, som handlar for deg hvis du ikkje har tatt turen over fjellet sjølv. Her er linkar til dei talentfulle folka som har laga nokre av fanzinene og bøkene eg fekk.

Tieten met haar  er ei gruppe Belgiske jenter (Trur eg? Er litt usikker på nokre av navna der...) som lagar fanziner og teikneserier og generelt kule ting! Har berre skumma gjennom bloggen, men den ser fin ut og dei fortel morsomme historier frå reiser til forskjellige bokmesser og teikneseriemesser. Det er dei som har laga den øverste blå fanzina med drinkparaplyen. Den kom i ein pose med 9 fanziner rundt samme tema.

Kataklysmeg er ei nydeleg bok av Lisa Cranner og Ingri Haraldsen. Den har tekst av Cranner og teikningar av Haraldsen, og begge deler er veldig vakre. Sjølve boka er veldig fint lagd; cover, format og papir dannar ei flott heilheit. Sjå meir av Ingri Haraldsens teikningar her.

The Parked Car project. 8 fanziner der 8 teiknerar har dokumentert kvardagsobjekt i storbyen. Alt frå Trafikklys og søppelspann til offentlege toalett. Enkelt og gjennomført!

Flippeboka Volcano frå Renaud Perrin er veldig fin, og den har visst vunne ein flippebokpris (!) i 2009. Heiter det forresten flippebok på norsk? Du kan sjå ein YouTube-film av den her. Sjekk forresten ut butikken til utgivaren av boka; Napa Books. Mykje fint der! 

Fredrik Rysjedal si fanzine Fjes. Eg er veldig svak for samlingar av ting. Ei teikning av eit fjes? Det kan være fint. 20 teikningar av fjes? Veldig spanande! 

onsdag 4. desember 2013

Ny historie!


Eg har lagt til ei ny, lita historie på nettstaden min. Ta ein titt! Den heiter "Kremen", og er ei sann historie frå då eg var ein 8 år eller så. Eg kjem til å jobbe masse med teikneserieprosjektet mitt dei neste månedane, det blir både kjekt og spanande. Eg jobbar med ei samling små historier, og no er det berre å få alle ideane, skissene og dei rotete storyboarda til å bli ein ferdig serie. Masse jobb, men veldig artig!

Og treng eg ei pause frå teikninga skal eg kose meg med teikneseriane "Pojken i Skogen" av Mats Jonsson eller "Frances" av Joanna Hellgren som eg har henta på biblioteket i dag. Begge er veldig flinke, og eg anbefalar dei varmt. 

mandag 2. desember 2013

D2



















I fredagens nummer av D2 var det ein lang og fin artikkel om alle dei flinke damene som lagar teikneserier i Sverige. Dei trekk bla fram Coco Moodysson og Liv Strömquist, og nevner såvidt ein av mine favorittar; Åsa Grennvall. Dei ser og på kvifor Sverige har fått denne store eksplosjonen av kvinnelege serieskaperar, og kvifor dette ikkje har skjedd i Noreg enno. På slutten av artikkelen trekk dei fram ei rekke norske damer som og lager serier, og der nevner dei bla meg! Veldig glad for det, og samtidig var det spanande å sjå kven andre som blei lista opp.