mandag 27. januar 2014

Boksen med det rare i

Eg har ein diger boks med utklipp, brev, postkort, utstillingsbrosjyrer, klistremerker, notater, foto og barndomsminner. Dette er ting som eg i hovudsak samla opp då eg studerte, men eg har rett som det er stappa nye ting oppi boksen; ting eg ikkje har hatt noko anna plass til. Eg kikka gjennom boksen her om dagen, og det var så mykje fint! Og så mykje som eg ikkje kan forstå at eg har samla på. Og så mykje som eg kunne fylle skissebøkene mine med for ti år sidan, men som eg no har vekse frå for lenge sidan. Heile boksen er som ei stor minnebok, og det var veldig artig å sjå gjennom den. No står den fint på hylla att, for å huse alle tinga som ikkje har nokon anna heim. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar