mandag 13. januar 2014

Skissebøker

Her er ein liten titt på nokre av skissebøkene eg har hatt dei siste åra. Alle er laga for hand, og det er veldig kjekt å kunne lage mine eigne bøker. Då får eg dei akkurat slik eg vil ha! Eg bladde litt i dei nett no, og det blir som nokre dagbøker. Eg fyller dei med teikningar, notater, foto, mål, intervju med meg sjølv (veldig artig å lese seinare!) og inspirasjon. No er eg snart ferdig med enda ei bok, så no må eg finne fram papp, papir, syl og sytråd og binde meg ei ny. 


2 kommentarer:

  1. Så fine bøker! Har du tenkt på å selja slike? I tilfelle er eg interessert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingrid: Tusen takk for det! Eg tenkte først å lage ein Eplabutikk, men så har eg rett og slett ikkje hatt tid. Men tenker at eg kan lage dei på bestilling, då får ein dei jo akkurat slik ein vil ha og! :) Send meg ein epost hvis du er interressert :)

      Slett