tirsdag 18. februar 2014

Kvardagsliv, søknadsskriving og skissebok.


Eg jobbar fortsatt på søknaden min, og på fredag skal den være ferdig. Det meste av dagar og kveldar har gått med til dette dei siste vekene, berre ispedd nokre vaktar på biblioteket og selvfølgelig tid med sonen min. Når ein har born blir ein berre så sjukt effektiv! Mange lurer på korleis ein får tid til det kreative etter at ein får ungar, men eg kan love deg at iallfall eg har blitt mykje flinkare å disponere tida mi etter at eg blei mor. Når han er i barnehagen, då jobbar eg. Sjølv om eg jobbar heimanfrå behandlar eg jobben min meir som ein jobb etter at eg blei mor. Før tok eg gjerne ein kafétur på dagtid, gjorde masse ærend og slike ting. Eg kunne jo teikne på ettermiddagen eller til langt på kveld. Det kan eg jo ikkje lenger, så da må eg bruke dagen godt. Eg jobbar jo og som vikar på biblioteket, og dei dagane eg skal dit jobbar eg gjerne med nokre teikneprosjekt før eller etter biblioteksvakta mi. Eg veit om fleire kreative som har det på samme måten; har du først tid, så bruker du den tida godt. 

Eg har forresten tatt nokre bilder av ei gammal skissebok frå 2009. Eg brukte den boka flittig, og det er fortsatt inspirerande å bla gjennom ho.





7 kommentarer:

  1. Lykke til med søknaden! Krysser fingrene for deg. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det! Siste innspurt nå :)

      Slett
  2. Lykke lykke til med søknaden! Håper det her går bra! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Lykke til til deg og! Håper me begge får støtte :)

      Slett
    2. Jaaa, det håper jeg også veldig! :)

      Slett
  3. Hej! Vilken fin o inspirerande blogg du har. :)

    SvarSlett