mandag 3. mars 2014

True story

Det er ingen hemmelegheit at eg er glad i dokumentarisk arbeid. Eg synes det er så mykje lettare å leve meg inn i det som blir fortalt når det er ei sann historie som blir presentert. Fakta er ofte mykje meir imponerande enn fiksjon! Eg har jo snakka mykje om sjølvbiografiske teikneseriar før, så her kjem tips om sanne historier i andre medier.
Her er nokre av mine favorittar.

BØKER



To bøker eg har lest i det siste er "Monstermenneske" av Kjersti Annesdatter Skomsvold og "Meg eier ingen" av Åsa Linderborg. Også er eg i gang med Knausgård. "Monstermenneske" er den vondaste og vakraste boka eg har lese på fleire år, så den anbefalar eg på det sterkaste! Historia og forteljarteknikken jobbar så fint samans, og eg hadde ein vond klump i magen fleire dagar etter at eg hadde lese boka. Og det er ein bra ting, spør du meg!

 FILMAR

Dokumentarfilmar er vanskeleg å anbefale, for eg har sett så mange gjennom åra. Men ein utruleg fin ein er "Man on Wire", om Philippe Petit som bestemmer seg for å gå på line mellom tårna i World Trade Center i 1974. I filmen gjenfortel han og andre som var med på stuntet kva som skjedde, ispedd fantastisk foto og videomatriale. Filmen er berre så vakker og inspirerande (Ikkje til å gå på line, altså. Trust me!) No skal det bli laga spelefilm av historia og, men eg skjønner ikkje kvifor når du har denne nydelege dokumentaren.

Ein anna dokumentar som eg vil anbefale er "Gates of Heaven" av Errol Morris. Den handlar om ein familie i USA som driv ein dyrekirkegård, og den er berre heilt surrealistisk. Errol Morris lagar berre nokre av dei beste dokumentarane. Han har ei heilt unik evne til å få folk i filmane sine til å åpne seg og fortelje historia si, og han har eit spesielt auge for detaljar. Filmen er frå 1978, og estetikken er heilt fantastisk. 

TV-SERIE
"Eit lite stykke Thailand" produsert av Skofteland Film er den varmaste og finaste dokumentariske TV-serien eg har sett. Sjå traileren i linken! Du kan bestille serien på DVD direkte frå nettsida, det har eg gjort. Og er du først inne der, bestill med deg den prisbelønte dokumentarfilmen "Lykkens Grøde". Den er så fin!


PODCAST
Eg høyrer mykje på podcast. Mykje. Så her er mine favorittar. Av alle desse er det berre Ekko som er faktabasert. Dei andre er radiodokumentarar eller sanne historier. Den største favoritten er "This American Life", fulgt av NRK Radiodokumentaren. 

NRK Ekko
NRK Radiodokumentaren
NRK P3 Dokumentar
This American Life
True Story
KCRW's Strangers
KCRW's Unfictional

Håper du fekk lyst til å sjekke ut nokre av tipsa mine. Det er så mange fantastiske historier der ute, og dei er fanga på eit så vakkert vis. Kom gjerne med tips til meg, om du veit om noko bra! 

1 kommentar:

  1. Det ser ut som om vi har ganske lik podcastsmak (jeg har også podcastdilla!), så jeg tenkte jeg måtte tipse deg om den beste jeg veit om: Radiolab. Gå gjerne langt tilbake i arkivene (jeg syns den var enda bedre for et par år siden..). Favorittepisoden min heter "Words" (språknerd som jeg er), der de blant annet har et innslag om en døv man som har levd hele sitt liv uten å kunne noe språk. Jess. Så Radiolab burde du absolutt sjekke ut. Takk for meg. :)

    SvarSlett