fredag 4. april 2014

Fredagsinspirasjon

Her er litt fredagsinspirasjon! Etter mykje biblioteksjobbing, Bolognatur og enda meir biblioteksjobbing er eg endelig tilbake ved teiknebordet. Så utruleg deilig! Lommeboka er glad for ekstravakter på biblioteket, men eg har det best når eg får nokre uforstyrra dagar med teknesakene mine. Nett no jobbar eg på ein illustrasjon i samarbeid med bloggen Teaktray Weekdays. Stay tuned!

Sol Undurraga er ein illustratør eg møtte i Bologna (medan eg venta på bussen til messa!). Ho er frå Chile, men bur i Berlin. Ho var veldig hyggeleg og inspirerande å prate med, og ho var ei av dei som var valgt ut til illustratørutstillinga på messa.


Lieke Van der Vorst i Nederland har berre heilt nydeleg illustrasjonsarbeid. Nydeleg, nydeleg, nydeleg, og ho har bla gjort denne forsida for Frankie.






























Podcasten Elise Gets Crafty. Eg elskar jo podcastar, og denne er heilt ny. Tre episodar har komen, og dei er laga av bloggar og kreativ entrepenør Elise Blaha som bur i USA. Ho snakkar om korleis det er å jobbe med noko kreativt for seg sjølv, livet etter college, korleis få jobb, blogging etc. Eg gler meg til å høyre meir etterkvart.

Rosie Gainsborough i London jobbar både med illustrasjon og animasjon. Nokre av teikningane hennar, slik som den under,  kan du kjøpe i nettbutikken hennar.

1 kommentar:

  1. åh masse inspirasjon! og vi gleder oss enormt til å se hva du lager :-)

    SvarSlett