tirsdag 29. april 2014

Liebster-award

Eg fekk ein Liebster-award frå bloggen Teaktray Weekdays, som innebærer at ein får nokre spørsmål ein skal svare på. Veldig koselig å få ei slik oppmerksomheit frå andre bloggarar, og her kjem svara mine!

1. Hvorfor startet du å blogge og hvordan har bloggingen din utviklet seg?
Eg starta bloggen for nesten 2 år sidan, og det er primært ein visningstad for det kreative arbeidet mitt. Så bloggen er på ein måte eit slags biprodukt sånn sett.  Litt av motivasjonen min for å blogge er å lage den bloggen eg gjerne vil lese sjølv. Det er så mange fine interiørbloggar, motebloggar og matbloggar der ute, men ikkje så mange illustratør/teiknebloggar. Iallfall ikkje som deler skissebøker, inspirasjon og ferdig arbeid om kvarandre.  Eg hadde og lyst på ein stad der eg kunne dele skisser og uferdige ting, som ikkje nødvendigvis får plass i portfolioen. Eg hadde dessutan blogga før (ein matblogg!), så eg visste at eg trivdes med blogging. Eg trur ikkje bloggen min har forandra seg seg så mykje sidan starten, men eg skriv kanskje meir i tllegg til bilda. 

2. Får du dårlig samvittighet om du ikke poster så ofte som du gjerne vil, og hvor ofte er optimalt?
Eg postar 2 gonger i veka i snitt, 3 gonger på ei bra veke. Nokre veker bloggar eg ikkje i det heile tatt, men eg får ikkje dårleg samvet av det. Folk les vel mange forskjellige bloggar jamt over, og dei tenkjer nok ikkje så nøye over om det går ei veke utan innlegg frå meg. Jobbar eg mot ein tidsfrist har eg ingen skruplar med å droppe blogginga ei stund og berre teikne, teikne, teikne. Hadde bloggen vore noko eg ville gjere som ei karriere (få sponsorar og tusenvis av leserar), hadde eg nok tenkt annleis rundt det. 





























3. Har du hatt noen karrieremessige mål med bloggen din?
Ikkje med sjølve bloggen per se, men den er jo eit visningsrom for arbeidet mitt. Eg synes og det er kjekt å bli kjend med andre som driv med noko kreativt, så det var litt av motivasjonen bak å starte bloggen.

4. Pleier du å fortelle folk at du blogger?
Nei, berre hvis dei spør om kor dei kan sjå arbeidet mitt. Då nevner eg både websida og bloggen. 

5. Hva gjør du for å hente deg inn igjen etter stressende perioder?
Stressende perioder for meg er perioder der enten sonen min er sjuk og/eller eg har mange vakter på biblioteket i tillegg til teikninga. Så etter slike perioder sett eg av mange dagar i strekk der det berre er teikning og podcast på øyret.  Eg tar meg gjerne ein tur til Oslo og, for å få litt miljøforandring. I hektiske perioder bruker eg ofte å legge meg tidleg for å lese bok i fleire timar, eller eg held på med hagearbeid. Rekreasjon!
































6. Har du dannet deg et bilde av den gjennomsnittlige leseren av bloggen din, og i så tilfelle, hvem er det? Trur det er jenter på min alder som gjer noko kreativt sjølv. Ikkje nødvendigvis teikning, men skriving, blogging etc. 

7. Kan du anbefale en bok, en plate og en film?
Bok: Vanskeleg å anbefale ei bok! Eg les jo sjukt mykje. Eg vil anbefale tre; "Olav Audunsson" av Sigrid Undset. "Markens Grøde" av Knut Hamsun og "Monstermenneske" av Kjersti Annesdatter Skomsvold.

Plate: The National - The Virginia EP

Film: "Den frie vilje" av Mathias Glasner

































8. Har du et tips til besøkende av hjembyen din?
Kafeen Kåre Maloney! Veldig bra atmosfære, fine lokaler og god mat. På sumaren er det fantastisk å sitte på eit av dei få uteborda og sole seg.  Fleire kveldar i månaden er det åpent seint med alkoholservering, og dei har gjerne ein liten konsert der. Så legg turen innom der hvis du i Kongsberg!

9. Hvor reiser du helst selv?
Akkurat no vil eg gjerne reise til Bergen og besøke vener! Eg er ikkje ein storbyferietype (fant eg ut etter 14 dagar i NY), så ein fin småby- eller landsbyferie hadde vore noko. Eller berre eit hus midt  i skogen med ei bok i hengekøya.

10. Hva er dine sommerplaner?
Den einaste turen eg har planlagt er ein vekestur til ei øy i Oslofjorden. Der har me leid hytte, og det blir late dagar med bading og grilling. Ja, så skal eg på ein liten kanotur med ei overnatting, og på Bergenstur på seinsumaren. Ellers skal eg være heime og stelle i hagen, ta dagsturar til Oslo og nyte finværet. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar