onsdag 28. mai 2014

Støtte frå Norsk Kulturråd!

Hugsar dykk søknaden eg jobba med til Kulturrådet for nokre månader sidan? Vel, eg fekk JA! Samans med Jippi forlag har eg fått støtte til å produsere og gi ut mi aller første grafiske novelle, så i kveld blir det sjampis! Det er berre litt over eit år sidan eg byrja å jobbe med teikneserier, men det har ført med seg så utruleg mykje positivt allereie. Eg er berre så utruleg glad, glad, glad, både for støtta og for at eg byrja å lage teikneserier. Teikneserieteikning er livet!

3 kommentarer:

  1. Gratulerer. Og grafisk novelle høyres så fint ut. Litt som ei novelle på høge hælar. :)

    SvarSlett