torsdag 31. juli 2014

Framover

Når ein jobbar med teikning og teikneserier frå skrivebordet må ein ofte lage eigne prosjekt og deadlines. Har eg ikkje noko spesifikt eg jobbar mot der og da (teikneseriebidrag, illustrasjonsoppdrag eller søknadskriving) lagar eg eigne prosjekt. Eg byrjar på teikneseriehistorier, teikner i skissebøkene mine, oppdaterer websida mi og kontaktar eventuelle oppdragsgiverar. Framover, framover, framover. Då er det veldig motiverande å ha fått støtte frå Kulturrådet til å utgi mi første grafiske novelle. Då har eg endelig ein langsiktig plan, og noko konkret å jobbe mot i mange, mange (mange?) månedar framover. Gler meg til å endeleg fordjupe meg i eit stort prosjekt! (eg kjem sikkert til å få noia, føle at alt blir jævlig og bli drittlei og, men det er vel ein del av prosessen...) 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar