fredag 15. august 2014

Bøker nett no

Les:
Første Game of Thrones-boka (Det er jo ni månader til neste sesong!) og forleden kveld las eg den rykande ferske teikneserieromanen "Deras ryggar luktade så gott" av Åsa Grennvall. Den var fantastisk, så les den, les den, les den. Veit ikkje om den er i butikken i Noreg enno, for eg bestilte mi direkte frå Sverige. Åsa Grennvall sine arbeid treff meg alltid rett i magen. Så bra, så vakkert og så vondt. Her kan du lese eit utdrag frå boka, og her kan du høyre eit radiointervju med Grennvall på svensk P1.

Ønsker meg: 
John Williamsboka "Stoner", som har fått ein del publisitet i det siste. Den er skrive i 1965, og det er sagt at boka er den beste amerikanske romanen du aldri har høyrd om. Eg har gåvekort hjå ein bokhandel, så kanskje eg finn den der?  "Stoner av John Williams, er noe mye sjeldnere enn en stor roman - det er en perfekt roman, så godt fortalt og så vakkert skrevet, så dypt rørende at den tar pusten fra deg.» The New York Times Book Review

Inspirert av:
Eg har ikkje drive med bokbinding på ei stund, og no klør eg i fingrane etter å binde litt igjen. Eg fann ein enkel og fin tutorial hjå DesignSponge, der ein lærer å lage ei enkel skissebok. Eg må innrømme at eg blir glad kvar gong eg finn ei bokbindingside eller ein tutorial der alt er så enkelt som mulig. Det er så mange eksempler på bokbinding der folk går heilt amok med lær, fargar, knappar, bånd, og ikkje minst "rare ting å lage bøker av". Kan ikkje ei bok berre vere...ei bok? 

Sjekk alle dei nydelege bøkene hjå Anthropologie! Blant anna "20 ways to draw a tree", som hadde passa bra til meg. Det er jo heldigvis ikkje toll på bøker, så ein kan bestille så mange, mange, mange ein vil. Og bli blakk. Oops!
Gler meg til:
Å reise til Bergen neste helg! Eg skal dra dit for å besøke fine vener, ete god mat og få litt nye impulsar. Som småbarnsmor gler ein seg til heilt banale ting, slik som å få sitte på flyet og lese ei bok i fred. Terskelen er ikkje så høg for å kose seg, med andre ord. I dag åpnar det forresten ein ny, uavhengig bokhandel på Litteraturhuset i Bergen, så eg tenkjer å ta turen innom der. God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar