tirsdag 23. september 2014

Frå arkivet

Denne teikninga laga eg i 2006, då eg snart var ferdig utdanna. Det er jo nokre år sidan, det skjønner ein sidan det er snakk om ein videobutikk her. Eg var singel, budde i ein liten, engelsk by og var usikker på det meste som låg i framtida. Streken min har endra seg, men eg dreiv på med slike dagbokteikningar då som no. Åtte år seinare har eg mann, barn, og rekkehus, men eg tjener fortsatt lite med pengar. Men det er iallfall nok til ein DVD eller to, og ikkje minst så veit eg kva eg driv med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar