onsdag 17. september 2014

Onsdagsinspirasjon

Eg kjenner ei som jobbar i eit sveitsisk forlag, og sist me møttes fekk ei eit lite utvalg av bøker dei har gitt ut. Den aller, aller finaste var "Die Grosse Flut", som er berre heilt fantastisk. Den vant ein pris for beste barnebok under Bolognamessa i år, og der såg eg og fleire av illustrasjonane utstilt. Boka består av fleire hefter, og dei kan du igjen brette ut til eit stort bilde. Illustrasjonane er laga av Evelyne Laube og Nina Wehrle, som står bak designerduoen "It's raining Elephants". Love it! 



 Eg har snakka om teikneserieteiknar og illustratør Aidan Koch før, og her ligg eit intervju med ho på nettstaden "It's nice that".  Ho er så utruleg flink til å skape utan å følge gitte rammer, og alt ser så spontant og enkelt ut. Nydeleg!






"Kvinnor ritar bare serier om mens" er den neste teikneserien eg kjem til å kjøpe meg. Sara Olausson er redaktør, og over 30 kvinnelege svenske serieteiknerar bidrar. Boka er ein kommentar til den stereotypien ein gjerne møter som kvinneleg serieskapar; at ein berre teiknar serier om mensen. Men Olausson meiner faktisk at ein bør snakke enda meir om mens, og at det bør bli enda vanligare å skildre mensen i alle slags formar sidan dette er så stor del av kvinners liv. Eg veit ikkje heilt om eg er enig, men eg har iallfall lyst til å lese boka! Har eg teikna noko om mens? Ja, faktisk. Men berre ei lita, rask skisse. Trudde eg hadde delt den på bloggen før, men eg har kanskje ikkje det? Her er den. Den eine tingen eg har teikna om mensen. 


Du må forresten sjekke ut den tyske illustratøren og serieskaparen Aisha Franz! Det er mykje kult på nettstaden hennar, også har ho ein fin blogg der ho deler både ferdig arbeid og prosjekt under arbeid. Akkurat slik eg likar det! 


























Veit du om noko kult? Del det gjerne med meg! 

1 kommentar:

  1. Et tips om du ikke allerede har vært der: høstutstillingen! Veldig bra i år, og mye illustrasjoner og imponerende store kunstverk med blyant!! Kjempebra!

    SvarSlett