fredag 31. januar 2014

Fredagsinspirasjon

Bloggen Shoulda-Woulda-Coulda. Stephanie Birdsong lagar malerier og lister i skissebøkene sine, som ho så legg ut på bloggen sin. Veldig morsomt å sjå andre folk sine to-do lister! Eg har alltid vore veldig glad i sjå andre folk sine skissebøker, notater og lister, og det er nok litt same grunnen til at eg elskar sjølvbiografiske arbeider og dokumentarar generelt. Folk er så spanande! (Må legge til at då Big Brother kom for mange, mange år sidan blei eg heilt hekta...)

Freedom er eit program som skrur av internett på maskina di. Enkelt og greit. Kanskje ikkje så inspirerande i seg sjølv, men det er vilt kor effektiv ein kan være når ein ikkje "berre skal sjekke noko" på nettet. Hvis eg treng ei lita jobbepause går eg fort inn på bloggar, pinterest, facebook...også har det gått meir tid enn eg ville. Då er det greit å begrense tilgangen litt! Du bestemmer sjølv kor lenge internett er skrudd av; eg velger ofte ein time. Då er det uansett greit med ei pause. Eg berre passar på å laste ned podcastar først, slik at eg har noko å høyre på.

Rose Blake lagar fine illustrasjonar. 

Det samme gjer Kate Pugsley!

Sjekk ut David Fullartons Moleskinebøker, han har veldig fine skisser og notater! Bildet under er henta derfrå.

mandag 27. januar 2014

Boksen med det rare i

Eg har ein diger boks med utklipp, brev, postkort, utstillingsbrosjyrer, klistremerker, notater, foto og barndomsminner. Dette er ting som eg i hovudsak samla opp då eg studerte, men eg har rett som det er stappa nye ting oppi boksen; ting eg ikkje har hatt noko anna plass til. Eg kikka gjennom boksen her om dagen, og det var så mykje fint! Og så mykje som eg ikkje kan forstå at eg har samla på. Og så mykje som eg kunne fylle skissebøkene mine med for ti år sidan, men som eg no har vekse frå for lenge sidan. Heile boksen er som ei stor minnebok, og det var veldig artig å sjå gjennom den. No står den fint på hylla att, for å huse alle tinga som ikkje har nokon anna heim. 




mandag 20. januar 2014

Ny skissebok

No har eg laga meg ei ny skissebok. Det er samme typen som dei to siste eg har brukt, og  her kan du sjå ei av dei. 120 sider i variert papir, med hardt cover i papp og bokbindertape i ryggen. Synes det blei veldig fint med den gule tapen til den grå kartongen! For ei stund sidan fant eg nokre A4-ark med skisser eg ikkje hadde brukt til noko. No har eg resirkulert dei arka i skisseboka mi, så det dukkar opp deler av gamle teikningar innimellom arka. Det blir spanande å bruke dei sidene etterkvart som dei dukker opp. Her kjem nokre bilder av den nye boka, pluss nokre bilder frå prosessen.





fredag 17. januar 2014

Fredagsinspirasjon


Ta ein titt på illustratør Imma Lorente Chàfer si Flickerside. Så mykje fint arbeid!

Illustratør og serieskapar Aiden Koch er og veldig dyktig. Ta ein titt.

Har du ikkje kjøpt deg ny kalender for 2014? Denne veggkalenderen frå Yearcalendar kan du kjøpe frå Etsy. Veldig lekker og stilrein!


Her er nokre fine instruksjonar til å lage sine eigne konvoluttar. Med fint papir og kjærleik kan ein lage mykje finare konvoluttar enn dei ein kjøper i butikken.

...Eller kva med å kjøpe nokre konvoluttar i tre frå Etsy? Veldig kult, tenk å få ein slik i posten? Forhandlaren Microwoodproducts selg både desse og andre treprodukt.







torsdag 16. januar 2014

Fiken!

Dei siste vekene har eg jobba med nokre prøveillustrasjonar for eit forlag. Her ser du eit lite utsnitt frå nokre av skissene mine; eg har brukt både blekk med pennesplitt, blekk med pensel og svart pastellkritt. Eg kjem til å dele meir frå prosjektet når eg veit om eg får oppdraget eller ikkje.  Uansett har eg nytt arbeid til portfolioen min, og det er bra! 



mandag 13. januar 2014

Skissebøker

Her er ein liten titt på nokre av skissebøkene eg har hatt dei siste åra. Alle er laga for hand, og det er veldig kjekt å kunne lage mine eigne bøker. Då får eg dei akkurat slik eg vil ha! Eg bladde litt i dei nett no, og det blir som nokre dagbøker. Eg fyller dei med teikningar, notater, foto, mål, intervju med meg sjølv (veldig artig å lese seinare!) og inspirasjon. No er eg snart ferdig med enda ei bok, så no må eg finne fram papp, papir, syl og sytråd og binde meg ei ny. 


torsdag 9. januar 2014

Book by Its Cover

Hurra! Ein av mine favorittbloggar er oppe og går igjen, etter over eit års pause. Book by its Cover blei starta av illustratør Julia Rothman, og  har omtaler av bl.a billedbøker, teikneserier og artist books. Dei har og intervju med forskjellige aktørar i faget, og dei viser fram fantastiske skissebøker. Oppdaga nett no at dei har eit langt intervju med ein av mine favoritt-teikneserieskaparar, Vanessa Davis, om hennar album "Make me a Woman". På denne bloggen kan ein lese i timesvis!

Bilda under er henta frå Book by its Cover og viser oppslag av Vanessa Davis.


torsdag 2. januar 2014

2014










































Etter ein lang juleferie er det ein del å ta tak i, og eg har fleire illustrasjonar som skal bli ferdig framover i tillegg til teikneserieprosjektet. Eg trur 2014 blir kjempebra, sjølv om eg veit fint lite om kva det vil bringe. Det einaste eg veit sikkert er at eg skal til barnebokmessa i Bologna, og det gler eg meg heilt vilt til! Så vil eg fortsette å dele smått og stort her på bloggen min, slik som eg har gjort. Godt nyttår til dykk alle!