fredag 28. februar 2014

Instagram

Følg meg gjerne på Instagram! Eg legg ut både teikningar, kvardagsbilder og bokanbefalingar. Brukarnavnet mitt er anjadahle.

onsdag 26. februar 2014

Dagens

Søknaden er levert! Siste gongen eg skulle sjå over før eg sendte inn syntes eg plutseleg alt såg elendig ut, og eg kunne berre sjå alt som skulle vore annleis. Men no, når eg har fått det litt på avstand er eg fornøgd! Eg gleda meg til å levere den inn slik at eg skulle ha tid til å koseteikne litt i skisseboka mi, men så blei sonen min sjuk. Så intens søknadsjobbing blei avløst av sjuk gutt med halsbetennelse. Men sånn innimellom slaga har eg iallfall teikna dei to skissene du ser over. Mange bloggarar har dagens outfit; her hjå meg er det dagens sjølvportrett i staden.  

tirsdag 18. februar 2014

Kvardagsliv, søknadsskriving og skissebok.


Eg jobbar fortsatt på søknaden min, og på fredag skal den være ferdig. Det meste av dagar og kveldar har gått med til dette dei siste vekene, berre ispedd nokre vaktar på biblioteket og selvfølgelig tid med sonen min. Når ein har born blir ein berre så sjukt effektiv! Mange lurer på korleis ein får tid til det kreative etter at ein får ungar, men eg kan love deg at iallfall eg har blitt mykje flinkare å disponere tida mi etter at eg blei mor. Når han er i barnehagen, då jobbar eg. Sjølv om eg jobbar heimanfrå behandlar eg jobben min meir som ein jobb etter at eg blei mor. Før tok eg gjerne ein kafétur på dagtid, gjorde masse ærend og slike ting. Eg kunne jo teikne på ettermiddagen eller til langt på kveld. Det kan eg jo ikkje lenger, så da må eg bruke dagen godt. Eg jobbar jo og som vikar på biblioteket, og dei dagane eg skal dit jobbar eg gjerne med nokre teikneprosjekt før eller etter biblioteksvakta mi. Eg veit om fleire kreative som har det på samme måten; har du først tid, så bruker du den tida godt. 

Eg har forresten tatt nokre bilder av ei gammal skissebok frå 2009. Eg brukte den boka flittig, og det er fortsatt inspirerande å bla gjennom ho.





mandag 10. februar 2014

Prøveillustrasjonar















































Noko av det eg jobba med i januar var eit par prøveillustrasjonar for Mangschou forlag. Eg lagde ein ferdig illustrasjon til teksten, i tillegg til ei skisse på omslaget. Desverre fekk eg ikkje oppdraget denne gongen, men her er iallfall illustrasjonen eg lagde. Det er ein fikenkveks, og utfordringa låg i at den berre er 1-2 mm stor! Forstørrelsesglaset blei redninga. Leit at eg ikkje fekk oppdraget, men that's the name of the game. Eg er uansett glad for at eg blei bedt om å sende inn prøveillustrasjonar, for prosjektet var veldig spanande. Eg blei og veldig fornøgd med resultatet mitt, der eg har brukt ein kombinasjon av teknikkar. Blekk og pennesplitt, blekk og pensel samt svart pastellkritt. 

fredag 7. februar 2014

Fredagsknips

Mobilknips frå veka som har vore. Ein blogglesar bestilte ei skissebok av meg, du kan sjå den på bilde øverst til høgre. Hvis fleire er interessert er det berre å sende meg ein mail, eg lagar dei på bestilling, så du kan få den slik du vil. Til venstre er eit bilde frå då den låg i press, og eg trur eg treng ei slags presse av noko slag. Men så langt gjer ein stor stabel bøker nytta. God helg!

mandag 3. februar 2014

Søknadsskriving

Nett no jobbar eg mot ein konkret søknadsfrist for teikneserieprosjektet mitt. Det er veldig spanande, og tida går så fort! Eg vil jo ha med mest muleg (og best muleg!) arbeid i søknaden min, så no brukar eg all den tid eg kan på dette. 

Mykje tid går med til teikning, men mykje går og med til skriving og skissing. Rekkefølga på episoder blir forandra heile tida, og eg må vurdere fram og tilbake kva som skal med med, og kva som må vekk. Prosjektet skal jo naturlig nok ikkje være ferdig til søknadsfristen, men eg må gi eit godt og heilheitleg bilde av kva eg har tenkt å jobbe med. 

Eg har aldri jobba så mykje og så bra på eit prosjekt før, og ein dag eg såg over alt eg har av skisser, teikningar og tankar blei eg faktisk litt imponert over kva eg har gjort så langt. (Sjølv om eg selvfølgeleg i perioder føler at eg ikkje har kontroll i det heile tatt, og at alt er berre rot og utan samanheng.) Kryss fingre for at innspurten til søknadsfristen går som smør!


























 PS: Eg skal ikkje sende med nokre av dei rotete idéskissene mine i søknaden.... Dei gir god meining for meg, men kanskje ikkje for nokon andre!