mandag 31. mars 2014

Barnebokmessa i Bologna



















Frå måndag til fredag var eg på barnebokmessa i Bologna. Det var heilt fantastisk! Eg fekk støtte til å dra frå Norsk illustrasjonsfond, og det er eg berre så takknemleg for. Eg tenkte å dele litt av mi erfaring frå bokmessa med dykk. Det er basert på både det eg såg, men og det andre illustratørar har fortalt meg.

Først vil eg seie at bokmessa i hovudsak er meint for forlag som skal selge bøkene sine til andre utenlandske forlag. Så forlagsfolk snakkar med forlagsfolk, og det er mange folk i dress som snakkar økonomi med kvarandre. Det er ytterst få forlag som er på illustratørjakt på ei slik messe, så om ein har forhåpningar om å vise fram portfolioen sin til alle dei flotte forlaga kan ein fort bli skuffa. Dei aller fleste forlag jobbar og kun med illustratørar frå sitt eige land, så då er heller ikkje markanden så stor, spesielt ikkje hvis du er frå Noreg. Når det er sagt, så er det likevel eit par muligheiter. 

Nokre forlag hadde visse tidspunkt på dagen då dei ville ta i mot illustratrar og kikke på arbeidet deira. Her var det fort ut og fort inn, litt som ein audition. Dei brukte 15 sekund på å sjå om arbeidet ditt passa for eit av deira prosjekt, også var det nestemann. Men ein kan ha flaks og treffe nokon som elskar arbeidet ditt, så det er verdt eit forsøk!

Prøv å lag avtaler med forlag på forhånd. Eg trur det er den desidert beste måten å gå fram på. Eg snakka dog med ein illustratør frå Chile som var representert på bokmessa si eiga illustratørutstilling, og ho fekk først avtaler med forlag når ho fortalte at ho var plukka ut der. Men eg trur uansett at det er vegen å gå, framfor å berre møte opp uanmeldt. 

Messa arrangerer eit par foredrag og møter for illustratørar som bl.a handlar om portfoliobyging og korleis presentere arbeidet ditt for forlag, så det er det vel verdt å få med seg! Eit par av arrangementa var det dog påmelding på, og då bør ein være ute i god tid! Absolutt alt som er for illustratørar bør ein møte opp tidleg på, for det er mange om beinet!

Først og fremst er Bolognamessa ein stad å samle inspirasjon for oss illustratørar. Og om ein ikkje får snakka så mykje med forlagsfolk, så får ein iallfall snakka med andre fine illustratørar! Så lenge ein veit det på forhånd er det ein super stad å besøke. Eg såg så utruleg mykje fint! Og rart. Og grusomt! Det er mykje Disneyestetikk der og. Det aller flottaste arbeidet fant eg nok på på Hong Kong-standen. Så utruleg mykje fin illustrasjon og eg blei veldig inspirert. Det var og ein del nydeleg frå Taiwan, Spania og Sør Amerika. 

Eg brukte to dagar på messa, så hadde eg ein heil dag som turist. Innimellom dette var eg på ein lukka middag for illustratørar, drakk vin, var på utstillingsåpningar, møtte mange hyggelege folk, teikna ein god del (skal dele teikningane etterkvart!), handla sjokolade og kosa meg på hotell. Og til slutt vil eg berre tipse igjen om Bolognastipendet frå Norsk illustrasjonsfond. Teikner du, bør du søke! 



torsdag 20. mars 2014

Gamle skisser

Her er nokre skisser eg lagde for eit år sidan. Eg prøvde meg fram for å finne det rette uttrykket for teikneserieprosjektet mitt, og skisseboka dette er henta frå er full av slike små utprøvingar. I dag har eg faktisk hatt fri frå biblioteket, så eg har jobba i timesvis med ei ny teikneseriehistorie og høyrd mange episoder av This American Life. Fin dag!

tirsdag 18. mars 2014

Kvardag

I det siste har eg jobba ein del ekstra på biblioteket, og dagane er rimelig fulle! Gler meg til neste veke, for då dreg eg til barnebokmessa i Bologna. Skal bli inspirert av fantastiske bøker, teikne, ete god mat og sjå litt severdigheiter. Blir deilig med eit avbrekk frå kvardagen! 


torsdag 13. mars 2014

Blekk!

Her er nokre skisser som eg har laga til teikneserieprosjektet mitt. Eg kjem nok i hovudsak til å bruke blyant gjennom prosjektet, så eg held blekket i bakhånd til ei seinare anledning. Det blir så mange heldige uhell med blekk, og det likar eg godt. Ei fin blanding av kontrollerte og ukontrollerte strek.



tirsdag 11. mars 2014

Fikenskisser

Hugsar dykk prøveillustrasjonen eg lagde for nokre månader sidan for Mangschou forlag? Eg lagde ein heilt ferdig illustrasjon som eg har vist her tidligare, samt ei skisse til bokomslaget. På bildet nedanfor ser dykk omslagsskissa nede til høgre, og dei andre teikningane er skisser eg lagde for meg sjølv i skisseboka mi. Det var eit fint prosjekt som det var kjekt å jobbe med, og eg blei glad i desse skissene som eg lagde. Er det berre meg som synes skisser nesten er meir spanande enn det ferdige produktet? Elsker å kikke i andre folk sine skissebøker!

Og forresten, eg er "Veckans babe" hjå Hjartesmil! Veldig, veldig kult å bli omtalt av dyktige Mariell. Så hei til alle nye leserar av bloggen som har kome hit via Hjartesmil!




































fredag 7. mars 2014

Fredagsinspirasjon!

Her er fem nye illustratørar og bloggane deira. Eg fant alle medan eg leita etter inspirasjon på Pinterest, og dei er vel verdt å sjekke ut! Pinterest altså, det er berre ei gullgruve. Du kan sjå Pinterest-profilen min her, og eg samlar inspirasjon til både det eine og det andre.

Katt Frank


JooHee Yoon
































Felicita Sala


Kelly Lasserre


Becca Stadtlander



mandag 3. mars 2014

True story

Det er ingen hemmelegheit at eg er glad i dokumentarisk arbeid. Eg synes det er så mykje lettare å leve meg inn i det som blir fortalt når det er ei sann historie som blir presentert. Fakta er ofte mykje meir imponerande enn fiksjon! Eg har jo snakka mykje om sjølvbiografiske teikneseriar før, så her kjem tips om sanne historier i andre medier.
Her er nokre av mine favorittar.

BØKER



To bøker eg har lest i det siste er "Monstermenneske" av Kjersti Annesdatter Skomsvold og "Meg eier ingen" av Åsa Linderborg. Også er eg i gang med Knausgård. "Monstermenneske" er den vondaste og vakraste boka eg har lese på fleire år, så den anbefalar eg på det sterkaste! Historia og forteljarteknikken jobbar så fint samans, og eg hadde ein vond klump i magen fleire dagar etter at eg hadde lese boka. Og det er ein bra ting, spør du meg!

 FILMAR

Dokumentarfilmar er vanskeleg å anbefale, for eg har sett så mange gjennom åra. Men ein utruleg fin ein er "Man on Wire", om Philippe Petit som bestemmer seg for å gå på line mellom tårna i World Trade Center i 1974. I filmen gjenfortel han og andre som var med på stuntet kva som skjedde, ispedd fantastisk foto og videomatriale. Filmen er berre så vakker og inspirerande (Ikkje til å gå på line, altså. Trust me!) No skal det bli laga spelefilm av historia og, men eg skjønner ikkje kvifor når du har denne nydelege dokumentaren.

Ein anna dokumentar som eg vil anbefale er "Gates of Heaven" av Errol Morris. Den handlar om ein familie i USA som driv ein dyrekirkegård, og den er berre heilt surrealistisk. Errol Morris lagar berre nokre av dei beste dokumentarane. Han har ei heilt unik evne til å få folk i filmane sine til å åpne seg og fortelje historia si, og han har eit spesielt auge for detaljar. Filmen er frå 1978, og estetikken er heilt fantastisk. 

TV-SERIE
"Eit lite stykke Thailand" produsert av Skofteland Film er den varmaste og finaste dokumentariske TV-serien eg har sett. Sjå traileren i linken! Du kan bestille serien på DVD direkte frå nettsida, det har eg gjort. Og er du først inne der, bestill med deg den prisbelønte dokumentarfilmen "Lykkens Grøde". Den er så fin!


PODCAST
Eg høyrer mykje på podcast. Mykje. Så her er mine favorittar. Av alle desse er det berre Ekko som er faktabasert. Dei andre er radiodokumentarar eller sanne historier. Den største favoritten er "This American Life", fulgt av NRK Radiodokumentaren. 

NRK Ekko
NRK Radiodokumentaren
NRK P3 Dokumentar
This American Life
True Story
KCRW's Strangers
KCRW's Unfictional

Håper du fekk lyst til å sjekke ut nokre av tipsa mine. Det er så mange fantastiske historier der ute, og dei er fanga på eit så vakkert vis. Kom gjerne med tips til meg, om du veit om noko bra!