onsdag 28. mai 2014

Støtte frå Norsk Kulturråd!

Hugsar dykk søknaden eg jobba med til Kulturrådet for nokre månader sidan? Vel, eg fekk JA! Samans med Jippi forlag har eg fått støtte til å produsere og gi ut mi aller første grafiske novelle, så i kveld blir det sjampis! Det er berre litt over eit år sidan eg byrja å jobbe med teikneserier, men det har ført med seg så utruleg mykje positivt allereie. Eg er berre så utruleg glad, glad, glad, både for støtta og for at eg byrja å lage teikneserier. Teikneserieteikning er livet!

mandag 26. mai 2014

Dagens skisser

Endelig tid til å berre kose seg litt med skisseboka. Mai har vore veldig travel, men i juni roar tempoet seg litt, heldigvis. Det einaste eg har på tapetet er Oslo Comics Expo frå 12-14. juni, og det trur eg blir veldig bra! Eg har meldt meg på ein risografworkshop, også skal eg selvfølgeleg høyre på mange av dei fine foredraga. Sjekk ut programmet her og ta deg ein tur! 

torsdag 22. mai 2014

Gruppa av Anna Fiske

Denne nye teikneserieromanen til Anna Fiske er så vanvittig fin! Den handlar om ei samtalegruppe for folk med lett sosial angst, og historia er basert på Fiske sine eigne erfaringar frå gruppeterapi. Du følger dei seks forskjellige karakterane og får eit innblikk i kvardagen deira, og det heile blir sydd samans av dialogen dei fører i terapitimen. Fiske skildrer denne gruppa varmt og nære, og eg blei glad i alle karakterane med ein gong. Eg likte godt tempoet i historia, samt dialogen, og det heile framstår som veldig truverdig og ekte.

Det einaste negative eg har å seie er at eg fekk lyst til å lese enda meir. Eg ville komme enda tettare på karakterane, og vite enda meir om utviklinga til kvar einskild. Eg skulle rett og slett ynskje boka var litt tjukkare. Men når det er det einaste negative eg har å seie, så er jo det eit veldig bra teikn.

Teikningar frå både denne boka og teikneserier Fiske har laga, er stilt ut på Deichmanske på Grünerløkka, og du kan kjøpe boka der og. Les meir  om både teikneserien og utstillinga her. Dagens anbefaling!


fredag 16. mai 2014

Utstilling: Prosessen bak en illustrasjon

I Grafill sine lokaler i Oslo står no utstillinga "Prosessen bak ein illustrasjon". Hvis du har anledning bør du legge turen innom, for den er veldig fin! 11 illustratørar har satt opp arbeidsbordet sin, med alt frå skisser til ferdig arbeid, teiknesaker og matsmuler. Veldig fin vri på ei utstilling, og veldig artig å sjå. Spesielt for meg, som elskar alt som er behind the scenes. Kan eg bla i nokon si skissebok er eg i himmelen. Likte forresten spesielt godt arbeidsplassen til Esra Røise og skissene til Mari Kanstad Johnsen.  


Illustratørane er Kristian Hammerstad, Esra Roise, Jon Arne Berg, Ill.Design, Trond Bredesen, Mari Kanstad Johnsen, Gilles & Cecilie Studio, Magnus Voll Mathiassen, Anette Moi, Sindre Goksøyr, Børge Bredenbekk og Uglylogo.


mandag 12. mai 2014

Sia - Chandelier

Herregud, dette er det vakraste og mest inspirerande eg har sett på veldig, veldig lenge.

fredag 9. mai 2014

Om å finne vegen att.




























Eg har jo alltid teikna, og frå eg var liten visste eg at det var det eg ville ha som yrke. Då eg var 13 år var draumen min å bli lærling hjå Odd Nerdrum (!), men det blei ikkje akkurat slik. Hehe.

Men eg har tatt fleire "omvegar" gjennom åra. Etter at eg var ferdig utdanna i 2006 (visuell kommunikasjon med hovudvekt på illustrasjon) jobba eg først med illustrasjonsoppdrag (ved sidan av butikkjobbing), men etterkvart vart eg fast ansatt som grafisk designar i eit byrå. For å gjere ei lang historie kort; eg var ikkje så flink i den jobben. Det var jo ikkje grafisk design eg ville drive med i det heile tatt. Sånn eigentleg. Å lage lay-out på ei datamaskin og finstille linjeavstand var ganske langt unna teikning med papir og blyant. For å seie det mildt. Eg slutta der etter eit år for fokusere på teikninga igjen, og det var berre så riktig! Eg byrja å ta oppdrag att, og eg byrja å stille ut.






























I ei lang periode rundt 2008/2009 gjorde eg nesten ingen betalte jobbar lengre, for eg fokuserte berre på eigne kunstprosjekt. Eg stilte ut ein del og solgte eit par bilder, men det gjekk langt frå i pluss. Ikkje følte eg at det gjekk spesielt framover heller, og eg følte meg ikkje heime i kunstverdenen. Eg var usikker på kva slags veg eg skulle ta med teikninga mi, og eg var redd for å miste mi eiga stemme hvis eg tok kommersielle oppdrag att. Eg hadde det ganske vanskeleg den perioda, og følte meg ikkje heime nokon stad. På eit punkt orka eg ikkje å teikne noko på fleire månader, eg hadde prøvd alt for hardt å passe inn i noko som eigentleg ikkje var meg. Det var ei ganske mørk periode.


På eit punkt bestemte eg meg likevel for å ta opp blyanten att. Lysta til å teikne byrja å komme attende, men no teikna eg berre for glede og inspirasjon. Eg tenkte ikkje på "kva det skulle bli" sånn karrieremessig lengre, og då løyste alt seg. Eg byrja å produsere og eksperimentere igjen, og skissebøkene blei fulle. Eg fant tilbake til mi eiga stemme at, og eg følte meg heime i teikninga mi for første gong på lenge. Eg innsåg og at ein ikkje mistar si individuelle stemme sjølv om ein gjer oppdrag, no syntes eg faktisk at det var kjempekjekt. Det gjorde at eg fekk utfordra meg sjølv og utvikla meg på måter eg ikkje hadde gjort ellers. Frå da av såg eg meg aldri tilbake, og teikning blei noko udelt positivt i livet mitt att. 

For over eit år sidan byrja eg å lage teikneserier. Det låg liksom litt i korta, for eg har alltid likt å fortelje historier, men no fekk eg kombinere det med teikning. Vinn vinn! Kvifor hadde eg ikkje tenkt på det før? Eg hugsa ikkje kva som starta det, men det var kjærleik frå første stund. Eg elskar denne måten å fortelje historier på, og eg føler at eg utviklar meg heile tida. Det er så gøy! No jobbar eg mykje i kulissene med ting som (forhåpentlegvis) kjem på trykk etterkvart, og eg gleder meg til å få vist fram alt som ligg på teiknebordet no. Men om eg tjener mykje pengar på det? Nei, desverre. Men akkurat no har eg skylappar på, og jobbar nesten utelukkande med teikneserie. Eg gjer berre små, sporadiske illustrasjonsoppdrag no, men vil gjerne ha fleire (og større!) oppdrag etterkvart. Men om dagen er teikneserie hjertebarnet og førsteprioritet. Så får eg berre jobbe litt på biblioteket ved sidan av og svare "nei" når folk spør om eg tjener lassevis med pengar.


Det var mi historie. Og om det er ein moral, så er det vel å følge hjertet og gjere det som kjennes riktig. Som med så mykje anna. Eg ville dele dette, for det er lett å tru at vegen går rett fram for alle andre enn ein sjølv. Ein ser berre det bra som skjer med folk, ein ser ikkje at dei får kreativ sperre, mister gleda over arbeidet sitt og gret i fleire månader. Men sånt skjer. Iallfall skjedde det med meg! Men alt eg har gjort og teikna etter den krisa har berre gitt meg glede, så det kom jo noko godt ut av det til slutt.