mandag 30. juni 2014

Mandagsinspirasjon

Her kjem litt inspirasjon på ein mandag. No er det ei veke att til det er sumarferie, for når barnehagen er stengt blir det liksom automatisk ferie for oss og. Så i juli blir det tre veker fri. Kjem til å teikne litt her og der, men eg legg ambisjonsnivået lågt. Aktivitetsnivået til ein på 2,5 år er ganske høgt, og det er ikkje mykje nedetid! Har hatt nokre fine stunder i det siste der eg ligg på sofaen og les romanar og han leiker for seg sjølv på gulvet, da. Det er gull!

Celia Jocobs har laga ein teikneserie som ligg ute på nett. Den har ein fin bruk av ruter, og den egnar seg veldig godt til å lese på skjerm. Blei veldig nysgjerrig på historia, skulle gjerne lest meir!






















Serieteiknar Cathy G. Johnson har ein personleg blogg der ho deler arbeid, skisser, tankar, fanziner, daglegliv og følelsar. Bilda nedanfor er henta derfrå, og eg får veldig lyst til å lese noko av det ho har laga.


























Hjå NRK kan du sjå ei gammal utgåve av Bokprogrammet frå 2011. Der har dei eit heilt program via teikneserier, og det var veldig interessant! Det er ntervju med bla Lene Ask og Inga Sætre, og ein får sjå korleis dei jobbar og høyre korleis dei tenkjer. Under intervjuet er Inga Sætre midt i prosessen med Fallteknikk, og det er gøy å sjå ho jobbe med den etter at ein veit kor bra den blei!


Aidan Koch er kunstnar og serieteiknar frå USA, og ho lagar nydeleg, nydeleg arbeid. Ein kan få kjøpt nokre av bøkene hennar via nettstaden, og det skal eg gjere ein dag. Alt ser  ut som dyrebare skattar.




torsdag 26. juni 2014

Planeta Tangerina

Eg såg bøkene til det portugisiske forlaget og printstudioet  Planeta Tangerina på bokmessa i Bologna, og dei hadde mykje fint. På nettsida kan du sjå utdrag frå bøkene, ta ein titt på A Tiny Wave eller Out There (som bilda under er henta frå). Veldig lekre illustrasjonar!



fredag 20. juni 2014

Fredagsinspirasjon!

Fredag! Eg blei endeleg ferdig med den teikneseriehistoria som har tatt ei evigheit å lage. Eg teikna veldig detaljert med mykje skravering, og sjølv om det blei fint, tok det berre alt for lang tid. Men det var greit å prøve ut, og greit å teste det ut på ei kort historie, og ikkje eit heilt album. Då hadde eg sikkert brukt 5 år. Minst! Eg har jo vist nokre smakebitar frå historia før, og heile historia blir lagt ut etter at den har vore på trykk. Her kjem litt fredagsinspirasjon. God helg!

Sjekk ut bloggen til Isabelle Arsenault. Ho er illustratør og teikneserieteiknar, og ho har teikna teikneserien du ser under; "Jane, the fox and me". Eg hugsar eg kikka på den i Bologna, men der fant eg den berre på Italiensk. No skal eg bestille den frå Amazon.












































Bloggen Studio Visit. Ein får komme på besøk i studioet til kreative folk i Australia, og det er så mykje fint å sjå på! Bilda under er frå studioet til kunstnaren Emily Ferretti.
























På bloggen DesignSponge har dei ein intervjuserie som heiter "What's in your toolbox?", og her intervjuer dei Lotta Anderson. Bilda under er henta frå studioet hennar. Fint intervju om den kreative prosessen, og så blei eg inspirert til å fikse litt på kontorkroken min sjølv. Her er lista over alle "What's in your tollbox?"-intervjua, det spenner frå illustratørar, kunstnerar, typografar, glassblåserar...Alle viser fram arbeidsplassen sin, utstyret sitt og snakkar om korleis dei jobbar. Mykje fint!
























onsdag 18. juni 2014

OCX

I helga var eg på Oslo Comic Expo, og det var så kjekt! Eg såg inspirerande foredrag og presentasjonar, kjøpte massevis av seriar og fanziner, drakk øl og snakka med hyggelege folk. Ja, også var eg på risografworkshop med Peow! Studio. Får du sjansen til å lære risografi bør du gripe den. Det er ikkje vanleg å jobbe med det i Noreg enno, men det er både billig og enkelt. Ja, så lenge du har tilgang på ei maskin, eg håper det blir ei maskin i Oslo ein kan leie etterkvart. Nederst kan du sjå mitt bidrag til fanzina me lagde på workshopen. Det var gøy å lage eit ferdig produkt, og ein får gjort vilt mykje på seks timar når ein er tjueto stykker.

På festivalen blei forresten Empirix lansert; eit nytt, norsk nettmagasin for seriøs teikneseriejournalistikk. Det er allereie mange fine artiklar der, så ta ein titt. Likte bla dette intervjuet med Joanna Hellgren skrevet av Frøydis Sollid Simonsen. Veldig fint å få lese om prosessen og arbeidet bak ein teikneserie.

fredag 6. juni 2014

Smakebit på ei ny historie

Her er ein liten smakebit på ei lita teikneseriehistorie eg jobbar med no. Rutene du ser er ikkje heilt ferdige, og dialogen manglar, men du får iallfall ein liten idé om korleis det blir! Det handlar om studier, å leike med nokons følelsar, om å møte ein kjekk mann på byen, og om å bli såra. Dette er ei sann historie frå studietida mi, og eg trur dei aller, aller fleste kan kjenne seg att i ho. Enten frå den eine eller den andre sida.

Historia er mitt bidrag til neste nummer av teikneserieantologien Forresten, så forhåpentligvis kan du lese den der når nummer 28 er ute. Eg skal gjere ferdig denne historia før eg fortsett på det store prosjektet eg har fått støtte til, og eg har heldigvis ikkje så mykje att. Eg teiknar meir detaljert enn kva eg har gjort tidligare, så det tar ein del tid.

Eg har jo podcastar på øyret, og eg må berre få tipse om ein fantastisk ny ein; Love + Radio.  Sanne historier, det er liksom greia mi. Og oi! Du må høyre radiodokumentaren "Kvinnen på Isen" som nett gjekk på NRK. Den var berre så utruleg spanande og gripande, og eg fekk så lyst å vite meir, meir, meir. Beste dokumentaren eg har sett eller høyrd på lenge!


mandag 2. juni 2014

Mandagsinspirasjon

Dei to svenske serieteiknarane Åsa Grennvall og Sofia Olsson har nett starta Syster Forlag. Er veldig spent på kva dei kjem til å gje ut framover, og først ut er Åsa Grennvalls album "Deras ryggar luktade så gott" Her kan du lese eit utdrag frå boka, og eg gler meg til å sjå resten!

Arbeidet til Lizzy Stewart. As always. Har snakka om ho før, men det skadar ikkje å nevne ho igjen. Og igjen. Og igjen. Bildet under er henta frå Flickr-sida hennar.
Danielle Kroll, som har gjer litt av kvart innan illustrasjon og design, og som har ein fin blogg!