torsdag 31. juli 2014

Framover

Når ein jobbar med teikning og teikneserier frå skrivebordet må ein ofte lage eigne prosjekt og deadlines. Har eg ikkje noko spesifikt eg jobbar mot der og da (teikneseriebidrag, illustrasjonsoppdrag eller søknadskriving) lagar eg eigne prosjekt. Eg byrjar på teikneseriehistorier, teikner i skissebøkene mine, oppdaterer websida mi og kontaktar eventuelle oppdragsgiverar. Framover, framover, framover. Då er det veldig motiverande å ha fått støtte frå Kulturrådet til å utgi mi første grafiske novelle. Då har eg endelig ein langsiktig plan, og noko konkret å jobbe mot i mange, mange (mange?) månedar framover. Gler meg til å endeleg fordjupe meg i eit stort prosjekt! (eg kjem sikkert til å få noia, føle at alt blir jævlig og bli drittlei og, men det er vel ein del av prosessen...) 


mandag 28. juli 2014

Sumarferie

Og då var barnehagen igang igjen! Eg har ikkje teikna ein strek dei tre siste vekene, det har vore full rulle frå morgon til kveld. Hytteferie, kanotur, bading, meir bading, ein runde med vannkoppar og litt hagearbeid. Hadde ein idé om å få teikna litt på hyttetur, men det blei med tanken, gitt! Men no er ferien over, og det er deilig. Eg likar kvardagen!