mandag 25. august 2014

Full skissebok!

Denne skisseboka har eg hatt sidan januar, og no var den full! Blir mindre skissebokteikning no når eg jobbar med teikneserien min, men litt blir det. Mykje lister og notatar, så har eg ei eiga skissebok til teikneserien, der eg har side opp og side ned med storyboard og raske skisser. Eg har forresten laga skisseboka sjølv, og eg kan lage dei på bestilling. Dei blir veldig robuste og tåler ein trøkk, og du kan bestemme sjølv kva type papir og omslag du vil ha.

Eg var forresten i Bergen i helga og møtte gamle (og nye!) vener. Hadde ein fantastisk tur, og opplevde fleire ting som kjem til å bli teikna ned etterkvart (eg møtte nokre gamle flammar på byen, og det første eg tenkte var "Oi, dette blir ein bra teikneserie!" Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.) Eg nevnte forresten her at eg skulle sjekke ut den nye bokhandlaren på Litteraturhuset, og den anbefaler eg varmt. Eit bra utvalg, men dei kan nok med fordel få litt fleire hyller etterkvart. Eg var og innom Robotbutikken, og der har dei eit godt utvalg av fine teikneserier og fanziner. God mandag! 

onsdag 20. august 2014

Reiseveske

Eg hugsar sist eg skulle kjøpe meg ei reiseveske. Eller bag, om du vil.
Stor nok for 5 dagars overnatting, og den skulle være fin.
Ikkje slik reklamebag eller sportsbag; nei, eg ville ha ein fin bag.

Det var mykje å velgja i. 
Mykje likt. Mykje forkjellig. Forskjellig pris, forskjellig farge, forskjellig storleik. 
Eg blei stressa og måtte gå heim utan reiseveske. 

Neste morgon måtte eg pakke i ein gammal gymbag.




fredag 15. august 2014

Bøker nett no

Les:
Første Game of Thrones-boka (Det er jo ni månader til neste sesong!) og forleden kveld las eg den rykande ferske teikneserieromanen "Deras ryggar luktade så gott" av Åsa Grennvall. Den var fantastisk, så les den, les den, les den. Veit ikkje om den er i butikken i Noreg enno, for eg bestilte mi direkte frå Sverige. Åsa Grennvall sine arbeid treff meg alltid rett i magen. Så bra, så vakkert og så vondt. Her kan du lese eit utdrag frå boka, og her kan du høyre eit radiointervju med Grennvall på svensk P1.

Ønsker meg: 
John Williamsboka "Stoner", som har fått ein del publisitet i det siste. Den er skrive i 1965, og det er sagt at boka er den beste amerikanske romanen du aldri har høyrd om. Eg har gåvekort hjå ein bokhandel, så kanskje eg finn den der?  "Stoner av John Williams, er noe mye sjeldnere enn en stor roman - det er en perfekt roman, så godt fortalt og så vakkert skrevet, så dypt rørende at den tar pusten fra deg.» The New York Times Book Review

Inspirert av:
Eg har ikkje drive med bokbinding på ei stund, og no klør eg i fingrane etter å binde litt igjen. Eg fann ein enkel og fin tutorial hjå DesignSponge, der ein lærer å lage ei enkel skissebok. Eg må innrømme at eg blir glad kvar gong eg finn ei bokbindingside eller ein tutorial der alt er så enkelt som mulig. Det er så mange eksempler på bokbinding der folk går heilt amok med lær, fargar, knappar, bånd, og ikkje minst "rare ting å lage bøker av". Kan ikkje ei bok berre vere...ei bok? 

Sjekk alle dei nydelege bøkene hjå Anthropologie! Blant anna "20 ways to draw a tree", som hadde passa bra til meg. Det er jo heldigvis ikkje toll på bøker, så ein kan bestille så mange, mange, mange ein vil. Og bli blakk. Oops!
Gler meg til:
Å reise til Bergen neste helg! Eg skal dra dit for å besøke fine vener, ete god mat og få litt nye impulsar. Som småbarnsmor gler ein seg til heilt banale ting, slik som å få sitte på flyet og lese ei bok i fred. Terskelen er ikkje så høg for å kose seg, med andre ord. I dag åpnar det forresten ein ny, uavhengig bokhandel på Litteraturhuset i Bergen, så eg tenkjer å ta turen innom der. God helg!

onsdag 13. august 2014

August

No har eg hatt denne bloggen i 2 år, og her er små glimt av det eg la ut i August 2012. Det var meir bokbinding, meir fanziner og mindre teikneserier. Det er morsomt å bla litt i arkivet og sjå kva ein dreiv med før!

No om dagen er det nesten berre teikneserie det går i, då eg bruker all teiknetida mi på teikneserieprosjektet mitt. Eg har oppdaga at manuset mest sansynleg er for langt og må redigerast ned litt, og at eit par av dei første sidene eg lagde må teiknast på nytt. Dei er rett og slett ikkje er bra nok, og skil seg ut frå resten. Så sånn er det. Kjedelig å teikne ting på nytt, men samtidig betyr det jo at eg har utvikla meg. Så det er jo bra! 






fredag 8. august 2014

Fredagsinspirasjon

Her er litt fredagsinspirasjon igjen. Eg finn så mange inspirerande kjelder om dagen, og det er så motiverande. Eg høyrer på fleire nye podcastar, og der blir eg tipsa om alt frå bøker til nettstader, TV-serier og kunstnerar. Eg har og, etter at pengane frå Kulturrådet kom inn på konto, handla inn ein god del nye bøker og teikneserier. Ingenting slår ei stor eske frå Amazon levert på døra! Tusen takk til Kulturrådet, seier eg berre <3


Verdens finaste strek? Tina Berning























Ta ein titt på nettstaden 99U. Dei har artiklar, podcastar og videoar som inspirerar ein til å gjennomføre kreative idear. Videoformatet minner litt om TED-talks og er veldig fine! Eg elskar å høyre om folk som gjennomfører spanande prosjekt, og denne praten med Tina Roth Eisenberg er veldig fin.

Eg har nok snakka om illustratøren Isabelle Arsenault før, ho har teikna den grafiske novella "Jane, the fox and me" som er skrevet av Fanny Britt. Den er heilt fantastisk nydeleg vakker, og ein stor inspirasjonskjelde. Bildet under er henta derfrå.


Grace Bonney, dama som står bak bloggen Design Sponge, har den fantastiske podcasten After the Jump. Du finn den i iTunes eller her. Der intervjuer ho andre kreative i alle mulige bransjar, eller ho tar opp tema som kan oppta folk som jobbar for seg sjølv. Mykje god inspirasjon, og eg har høyrd på After the Jump medan eg har teikna i fleire dagar no.


Illustratør Yelena Bryksenkova lagar nydelege teikningar. Elskar måten ho bruker akvarell på!


torsdag 7. august 2014

Tre

Eg gruar meg alltid litt når eg skal teikne tre. Eg veit liksom ikkje heilt korleis eg skal gripe dei ann. Kor mykje skal eg forenkle og korleis skal eg forenkle? Skal eg teikne blader og skal eg teikne greiner? Så i går skissa eg fram ulike typar tre, og eg likar fleire av dei godt. Alle som teiknar har vel nokre motiv dei ikkje heilt får til. Eg strever alltid litt med tre, bilar og syklar. Spesielt syklar. Dei blir fort heilt uproposjonerte og heng liksom ikkje heilt samans. Kanskje eg burde ta ein runde med sykkelskisser og? 

mandag 4. august 2014

Prosessen

Teikne, teikne, teikne. Her er ein liten smakebit frå "Flink til å teikne" (som har vore arbeidstittel på prosjektet mitt heile vegen). Heftet blir på ca 50 sider, så eg bryt prosessen ned i mindre bitar og lagar fem og fem sidar i slengen som eg så ferdigstiller. Manuset har eg jo klart, men det blir små justeringar på det her og der. Så lagar eg storyboard, før eg går i gang med sjølve teikninga.

Eg har jo berre jobba med teikneserier i snart 1,5 år, men det eg har lært så langt er at ein kan ikkje være perfeksjonist. Skal alle ruter på alle sider være det beste du har laga nokon gong, blir ein aldri ferdig. Ein skal selvfølgelig være fornøgd, men ein må kanskje legge lista litt lavare når ein skal lage mange teikningar enn om ein lagar eit eller to arbeid som skal henge på ein vegg.  Det viktigaste er at alt fungerer i ein heilheit, og dei mindre spanande rutene blir løfta av dei som er ekstra bra!