torsdag 18. desember 2014

Dagens skisser og Serial

Denne veka har eg vore vikar på folkehøgskulen, og all teiknetid forøvrig har blitt brukt på albumet mitt. Eg byrja å forandre på ein liten bit, og plutseleg blei det fleire, store forandringar som følge av det. Hjelp! Men eg trur det gjer starten på historia mykje tydeligare og rett og slett bedre. Så det er bra! Seinare i dag skal eg ein tur på sjukehuset, for eg har første kontrolltime etter at eg blei friskmeldt. Kryss fingre for at det går bra! Døyver nervene no med skisseboka og musikk på øyret, og gler meg til i kveld når eg skal høyre siste (!!!) episode av Serial! Eg er forøvrig 95% sikkert på Adnan Syed er uskyldig. Eg veddar buksene mine på at "the innocence project" tar saka, endevender ho, og finn bevis på at det er ein annan mordar enn Adnan. The innocence project har bidratt til løslatelse av uskyldig dømde i eldre sakar enn dette, så eg har trua. Men nok om Serial. (Blir det nokon gong nok om Serial? Tja.)






















fredag 12. desember 2014

"Kvinnor ritar bara serier om mens"

I september nevnte eg den svenske teikneserieantologien "Kvinnor ritar bara serier om mens", og no har eg endeleg fått kjøpt den. Sara Olausson er redaktør, og over 30 svenske kvinnelege serieteiknerar har bidratt. Boka er ein kommentar til den stereotypien ein gjerne møter som kvinneleg serieskapar; at ein berre teiknar serier om mensen. Men Olausson meiner faktisk at ein bør snakke enda meir om mens, og at det bør bli enda vanligare å skildre mensen i alle slags formar sidan dette er så stor del av kvinners liv. No har eg lese boka, og eg må innrømme at eg blei litt skuffa.

Dei bidraga som kjem best ut i mi meining er dei som berre lar mensen være eit bakteppe for den historia som blir fortalt, slik som i bidraget til Klara Wiksten (ho er kjempedyktig! Alle bør lese boka hennar "Dagarna") eller dei som fortel ei historie utan å skulle ha ei lang tirade om PMS. Mange av bidragsyterane tek for seg ei oppramsing av mensenfakta, og for meg blir dette kjedeleg etter eit par ganske like historier. Kva er eigentleg PMS? Kva er ein menskopp? Kva skjer på dei ulike dagane i syklusen? Eg synes rett og slett ikkje mensen som tema er så spanande, og eg føler heller ikkje at det handlar om kvinneundertrykking at mensen ikkje står på dagsorden heile tida. Det kunne med hell vore fleire fengande historier, og litt midre fakta og kamprop om at "alle må snakke om mensen!" For må me det? 

Eg synes utgangspunktet for antologien var spanande, men det hadde vore kjekt å sjå ei slik samling utforske eit breiare tema. Sidan mange av bidraga var relativt like seier det kanskje noko om at tematikken ikkje er fyldig nok til å fylle over 150 sider? Eller har bidragsyterane ikkje heilt sett potensialet i tematikken? 



onsdag 10. desember 2014

Oppdatering!

Her kjem eit par mobilknips og teikningar frå dei siste dagane. På bildet øverst til venstre ser du bidraget mitt i det nyaste nummeret av Forresten. Veldig fornøgd med korleis teikningane mine ser ut på trykk, og historia blir lagt ut på nettstaden min etterkvart. På bildet til høgre ser du notatar og skisser til teikneseriealbumet mitt, og det øverste dokumentet er manuset. Det har vore gjennom nokre endringar for å seie det slik. 


Dei to nederste teikningane er til albumet mitt, og det er liksom det eg gjer på for tida. Teiknar, teiknar, teiknar på teikneserien min. Byrjar å kjenne tidspresset sidan eg vil ha den ferdig til OCX, og eg er litt overvelda nett no over alt eg har att og alt eg vil forandre på. Veldig typisk å ha slike kjensler midt i eit stort prosjekt, så det er berre å jobbe vidare til eg er ute av myra. Har satt opp ei punktliste over det eg vil ha gjort fram til jul, og berre det gjorde at eg senka skuldrane litt. 

Må legge til at eg kosar meg stort med arbeidet mitt og teikneseriar er berre så utruleg kjekt å jobbe med! Skal aldri gjere noko anna i heile mitt liv. Eller, det var kanskje litt voldsomt, men eg skal iallfall lage teikneseriar resten av livet i tillegg til mykje anna. Tenk; mange teikningar på rekke og rad som fortel ei historie. Kan det bli bedre? Niks.



torsdag 4. desember 2014

Forresten 28 ute no!

Nytt nummer av den årlige teikneserieantologien Forresten er ute no, så løp og kjøp! Det er bidrag frå meg, Jens K Styve, Martin Ernstsen, Lars Aurtande, Anders Kvammen, Frøydis Sollid Simonsen, Anders Nilsen, Trond Ivar Hansen, Erlend Peder Kvam, Tim, Kristian Hammerstad, Sharmila Banerjee, Andreas Iversen, Bendik Kaltenborn, Berliac, Andrew Page, Andreas Iversen, Rui Tenreiro, Alvaro Nofuentes, Ronny Haugeland, Xueting Yang, Kristoffer Kjølberg og Øystein Runde.

Mange fine navn på lista og eg gler meg vilt til å lese. Er og spent på å sjå mitt eige bidrag på trykk; historia "Richard" som baserer seg på ei sann hending frå 2005.  Det er lanseringsfest på laurdag, og då slippes og Martin Ernstsens "Du snakker med feil person". Eg har lese eit par av fanzinene som den baserer seg på, så denne kan eg anbefale varmt. Her er det som står skrevet på Jippi si heimeside om utgivelsen:  "Siden 2008 har Martin Ernstsen dokumentert livet i form av tegneserier. I seriene reflekterer han både over den kreative prosessen bak tegneseriemakeriet samt viktige og mindre viktige hendelser i privatlivet. Martin Ernstsens selvbiografiske serier har så langt blitt publisert i selvutgitte fanziner med små opplag. Nå kommer endelig en stor samling med høydepunkter fra fanzinene i tillegg til materiale som ikke tidligere er utgitt. Seriene gir humoristiske skråblikk på små øyeblikk i hverdagen, ofte rare eller kleine episoder, med komisk misere."


Eg har desverre ikkje anledning til å gå på lanseringsfesten sjølv, så eg må få bøkene i postkassa. Men alle dykk som kan; gå dit på laurdag