søndag 4. januar 2015

2015!


Nytt år, nye muligheiter! 2014 var eit veldig spesielt år. Det var spesielt bra med tanke på at eg fekk støtte til å gi ut det kommande teikneseriealbumet mitt, og eg fekk sågar arbeidstipend til å byrje på det neste når den tid kjem. Eg hadde ein fantastisk tur til barnebokmessa i Bologna og eg teikna sjukt mykje gjennom heile året. Eg fekk masse inspirasjon under OCX, og eg byrja å jobbe som vikar på teikneserielinja på Buskerud folkehøgskule. Eg jobba nesten berre med teikneserier heile 2014, og eg fant ut at det er der hjartet mitt ligg. Så 2014 blei det året der eg fant ut kva eg virkelig vil bruke teikninga mi til. 

2014 blei og det året der eg opplevde det verste i mitt liv, då eg blei sjuk med kreft. Det teikna eg og om, og du veit du driv med teikneserier når fleire sa (medan eg låg klar til å opererast) "Ja, du får iallfall noko å teikne om". Og det hadde dei jo rett i, sjølv om ingen ynskjer vel å bli den neste Harvey Pekar på akkurat det punktet. Eg blei jo frisk att, men eg trur eg aldri blir heilt kvitt den angsten eg fekk då. Eg er rett og slett livredd for å bli sjuk att, men det er vel berre noko eg må lære meg å leve med.

I 2015 kjem albumet mitt "Flink til å teikne" ut, og det gler eg meg veldig til. Det blir fint å sjå det ferdige produktet, og eg gler meg allereie til å starte på det neste prosjektet mitt (som har arbeidstittelen "Bergen"). Eg gler meg til å reise til Stockholm Internationella Seriefestival, og eg gler meg til å besøke årets OCX. Eg skal og ein tur til Kristiansand under festivalen Stribefeber, då eg skal være gjest der i år. Eg skal og sitte i styret for teikneseriegruppa i Grafill, der eg håper å få til noko kjekt i løpet av året. 

Godt nyttår! Og heia 2015, seier eg berre!

2 kommentarer: