søndag 18. januar 2015

Endeleg over kneika!

No er eg inne i siste innspurten på albumet mitt (hvis ein kan kalle to månader for ein innspurt), og eg har komme over den kneika eg møtte for ei stund tilbake. No har eg ei klar plan for alt som er att, så det er igrunn berre å teikne i veg til eg er ferdig. Det vil kreve ein skikkelig innsats, men det skal gå! Og sjølv om eg må jobbe knallhardt så har eg aldri kosa meg så mykje med teikninga som det eg gjer nettopp no. Det er så gøy! Får kanskje litt stiv stressnakke, men men. Det einaste som framleis er litt opp i lufta er coveret, det er enda heilt på skissestadiet. Har prøvd meg fram med akvarell og akryl, men no skal eg prøve gouache. Det har eg ikkje brukt sidan eg var 16 år (og då hata eg det), men no skal det få ein ny sjanse.

På tirsdag skal eg forresten på Nationaltheateret og sjå "Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg". Eg gler meg! Så skal eg innom KEM og kjøpe fleire 4B-blyanter, gouachemaling, eit par tynne penslar og fint akvarellpapir.  Og kanskje ei ny skissebok? Får aldri nok skissebøker!

5 kommentarer:

  1. Gled deg til forestillingen, den er kjempebra! Og kos deg med å handle utstyr! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ja, gleder meg masse :)

      Slett
  2. Hurra! Og så kjekt du var med på lista til Hjartesmil over favorittblogger :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var kjekt! Ho er jo ein av mine favorittar og, så da er det ekstra morro :)

      Slett
  3. Gleder meg veldig til å lese tegneserien din. Jobba på ;)

    SvarSlett