torsdag 22. januar 2015

Gouache?


Okei, gouache. Då eg byrja på videregåande i 1997 fekk me utdelt eit billig sett med gouache, og eg syntes det var heilt forferdelig å jobbe med. Malinga oppførte seg ikkje som eg ville, og eg bytta det raskt ut med akryl og oljemaling. Eg lurte på korleis nokon kunne bruke gouache frivillig?

Eg har vore veldig inspirert til å lage coveret på albumet mitt i fargar. Litt sånn somYelena Bruksenkova, til dømes. Eg lagde først eit par skisser i akvarell og akryl, men det blei ikkje heilt klaff (du ser den eine skissa på bildet til høgre). Etter litt research oppdaga eg at mange flinke illustratørar brukar gouache med nydeleg resultat, og eg innsåg at eg ikkje ana korleis ein skulle bruke gouache den gongen på videregåande. Eg hadde forventa at den skulle oppføre seg meir som akryl, og eg var ikkje klar over at det rett og slett er ein slags mellomting mellom akvarell og akryl. Ein kan blande det med vatn og få ei transparent akvarelleffekt, eller ein kan bruke det så og si utan vatn og få ei opak flate som ikkje blandar seg med laget under. Eg har og lest at ein alltid bør blande litt vatn i, for at det skal gi ei jevn overflate og ikkje kake seg. Er malinga for tjukk kan den fort sprekke og, så det er ein fin balansegang i forhold til vassmengda.

Eg kjøpte meg nokre dyre tubar med gouache no på tirsdag (det skal være stor forskjell på billig og dyr gouache i forhold til dekkevna), ganske dyre akvarellark og nokre mårhårspenslar. No rekna eg med at dei fantastiske resultata skulle komme av seg sjølv, men det gjorde dei ikkje, gitt. Eg satt i dag med den dyre malinga mi og innsåg at eg rett og slett må...øve meir. Og no er ikkje tida for å øve for å lage eit bra sluttprodukt, då det er under to månedar att til deadline. Så det blir blyant på coveret og, så kan eg heller leike meg med fargar når det er levert til trykk. Eg gler meg til å bli dus med gouache, og forhåpentligvis gjer øving mester. Stay tuned!

PS: om du har nokre gode gouachetips så må du dele dei med meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar