fredag 20. februar 2015

Bretter opp armane...



No er det siste innspurt her, og eg har ein god del att som skal bli ferdig til midten av mars. 11 sider samt omslag skal teiknast, korrektur skal lesas, det gjenstår finpuss av kontraster samt anna småplukk. Så det går i eitt her, enten med teikning eller familieliv. Teikne heile dagen, hente i barnehage, middag, legging av E, så teikning igjen. Sånn går no dagane! No har eg fått eit veldig fint illustrasjonsoppdrag og, og sjølv om eg først tenkte "har eg tid til det?!" så sa eg ja. Så da blir det nokre intensive dagar framover til det er levert! Det blir litt sporadisk med blogginga desse vekene, men når albumet er levert til trykk blir det normal blogging att. Det gler eg meg til!



2 kommentarer:

  1. lykke til! ønskar at den neste tida blir bra og pepp og at du har nokon fin som lagar middag til deg! <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eg får masse hjelp frå mannen min, så eg er i gode hender! <3

      Slett