fredag 6. februar 2015

Kill your darlings

Her er ei av fleire sider som eg har valgt å droppe frå albumet mitt. Den passa rett og slett ikkje inn lengre, så da gjekk den i arkivet. Det gjer litt vondt der og da, men så blir forhåpentligvis sluttresultatet bedre av det. No prøver eg å komme på ein ny tittel på albumet (var ikkje fornøgd med den originale tittelen), og motiv for framsida. Ja, også teiknar eg som ein gal. Har ein god del sider som skal bli teikna til midten av mars, og heile tida finn eg småting som eg vil fikse i det eg allereie har laga. Så sånn går no dagan! Gulrota mi er å ligge i senga og lese Knausgård på kvelden, har blitt så hekta! Mange år etter alle andre, haha.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar