mandag 20. april 2015

Statusoppdatering!

Den siste veka har gått med til å vere heime med sjukt born, planlegge Grafill-seminar (trur det blir knallbra!) og det har vore lite teiknetid generelt. Etter at boka mi blei levert til trykk, blei det eit litt rart tomrom plutseleg. Medan eg var i siste innspurt på boka tenkte eg på alle prosjekta eg skulle starte opp berre eg blei ferdig, men så har det blitt nokre stille veker der eg har gjort litt forefallande kontorarbeid og tekna i skisseboka. Eg visste rett og slett ikkje heilt kvar eg skulle starte att. Eg har jo byrja på manusarbeidet til den neste boka mi, men det har ikkje vore hardjobbing akkurat. Det har vore greit med nokre rolege veker for så vidt, for den siste jobbeøkta med boka mi blei avløyst av ny kontroll på sjukehuset og fleire veker med angst. Men no kjenner eg meg klar for å komme skikkeleg i gang att. Eg må komme så langt eg greier på den neste boka mi til 1. september, for då er det ny søknadsfrist til Kulturrådet. Eg gler meg til å komme godt inn i eit nytt prosjekt att!

PS: I dag får eg boka mi frå trykkeriet! Trur ikkje eg tørr å åpne pakka, for eg er så spent!



3 kommentarer:

  1. Spennende! Gleder meg til å se den!

    SvarSlett
  2. Liker så godt bloggen din! Fin strek, gode ord og masse inspirasjon. Takk for at du deler med oss :)

    SvarSlett