onsdag 13. mai 2015

Boka er til salgs!

OK, no blir det litt skamlaus promotering her, men men. Boka mi er no klar for salg! Eg var på Stockholm Internationella Seriefestival i helga, og der blei den solgt for fyrste gong. Veldig kjekt å sjå at den byrjar å leve sitt eige liv, og veldig kjekt at folk kjøpte boka! Så, det er fleire måtar å få tak i Hundedagar på. Den finnast jo ikkje i alle bokhandlerar, då teikneserier er litt for smalt, men her er instruksar. Håper så mange som mulig vil kjøpe den!



Du kan bestille den her hjå Jippi Forlag. Enkelt og greit med netthandel.

Du kan gå på Tronsmo eller Eldorado i Oslo, der den straks skal vere inne.

Du kan gå i ein heilt vanleg bokhandel og få dei til å bestille den inn.

Du kan komme på lanseringsfesten min på tirsdag! Der kan du seie hei til meg i tillegg til å kjøpe boka. Det hadde vore så kjekt!


4 kommentarer:

  1. Kjøpt! :)
    Det har vore veldig fint å følge deg og prosessen din med boka via bloggen, gleder meg til å lese den. Diggar streken din. Lykke til med festen og alt anna framover.

    SvarSlett
  2. Hurra!
    Den er klikket hjem og gleder meg til å få den i posten!

    SvarSlett
  3. Kjøpt og betalt. Gledar meg til å få boka i postkassa.

    SvarSlett
  4. Åh, så fantastisk at dykk kjøper boka!! <3 Tusen takk skal dykk ha. Det varmar.

    SvarSlett