fredag 15. mai 2015

Stockholm

Her er ein liten rapport frå turen min til Stockholm. Stockholm er ein fantastisk by, og eg vil anbefale absolutt alle å ta turen dit. Eg var der i fem net, så eg fekk oppleve meir enn berre Stockholm Internationella Seriefestival. Eg besøkte bla ein nydeleg park og ein botanisk hage, for hage er faktisk ein av mine største hobbyar. Så veit dykk det, og.

Noko av det finaste var turen til Moderna Museet, der eg såg Louise Bourgeois. Det var ei heilt fantastisk utstilling, og bileta under er henta derfrå. Hvis du ikkje kjenner arbeidet hennar frå før anbefalar eg deg å lese litt om ho. Ho lagde kunst heile livet, fram til ho døde i 2010, heile 98 år gammal. Ho jobba i hovudsak med teikning, tekstil og skulptur, og eg var så imponert over korleis ho brukte sitt eige liv i arbeidet. Ei veldig sterk og personleg utstilling som satt i magen etterpå.



















Eg teikna ein del i skisseboka mi og. Desverre blåste det nokre av dagane, og då var det ikkje heilt ideelt å sitte ute. Då teikna eg ei rask skisse som eg fargela inne på kafé eller på hotellet. PS. Maleboka med Bamse fungerte fint som bord i hotellsenga, men det var ikkje i den eg malte, altså.



























Eg gjorde og nokre innkjøp! Eg har eit vilt forbruk av blyantar, så eg hamstra opp på den fantastiske butikken Pen Store. Ei skattekiste av pennar, blyantar, blekk og papir. Eg kjøpte og ei mengde svenske teikneseriar på teikneseriefestivalen; det var så sjukt mange fine bøker der som eg har ynskja meg lenge. Det var veldig moro å besøke festivalen, og eg høyrde fleire fine foredrag. Eg helsa og på mange hyggelege folk, og eg var ute til seint på kveld. Eg fekk rett og slett så mykje ut av turen, at det kjendes som eg hadde vore der minst ei veke. Terningkast seks til Stockholm!


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar