mandag 4. mai 2015

Ut på tur!

På torsdag dreg eg til Stockholm, og eg skal vere der heilt til tirsdag. Eg skal først og fremst besøke Stockholm internationella seriefestival, men eg skal og utforske byen, teikne og kose meg. Hald på lommeboka, seier eg berre. Skal bruke alle lommepengane mine på svenske teikneserier. Eg reiste jo til Bologna i fjor, og då var skisseboka full og inspirasjonen på topp då eg kom heim att. Eg håper eg får ein like fin tur til Stockholm i år!

Eg skal forresten vere gjest under Oslo Comics Expo i juli. Kom, kom! Og si hei til meg om du ser meg! Dei pengane eg ikkje brukar på SIS skal eg bruke på OCX. Neida, joda, neida.



2 kommentarer:

  1. Så deilig! God tur! Selv skal jeg være alene hjemme helga som kommer - det blir første gang Orvar sover borte fra meg. Spent på hvordan det blir!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det er både deilig og litt rart å sove vekke frå ungen sin. Men Edvard er så stor at me kan snakke samans på telefonen då. Det hjelp! :) Lykke til med helga!

      Slett