mandag 24. august 2015

Svar på spørsmålsrunden!

Har du noen gode tips til å holde konsentrasjonen oppe på "hjemmekontoret"? 
Mitt beste tips er å skru av internett. Hvis ikkje er eg rask til å byrje å surfe rundt kvar gong eg står fast med noko eller jobbar med noko vanskeleg. Trikset mitt er å laste ned eit par nye podcastepisoder, skru av internett (eg brukar programmet "Freedom" til det) for ca 60-90 minutt, for så å jobbe konsentrert til internett skrur seg på att. Då tek eg meg ei pause, sjekkar mail og litt ymse eller kanskje tek meg ein matbit. Så skrur eg av internett att og jobbar. Kjem eg på noko eg vil sjekke på nettet etterpå noterer eg det berre ned. Så det er nok det beste tipset eg har! Og ja; gjere ein ting om gongen. Eg prøvar å ikkje teikne, blogge, svare på epost, finne kvitteringar og skisse, alt på samme formiddag. Då får eg berre høge skuldre og følelsen av at eg ikkje har gjort noko som helst. 


Har du noen gode råd til ei som vil bli litt flinkere til å skisse? 
Øve. Øve, øve, øve. Og sjå meir på motivet enn på arket! Og jobbe raskt og uanstrengt, utan å vere redd for resultatet. Øve, og ikkje vere redd. Det er nok essensen.  

Er det vanskelig å si seg ferdig med noe? Typ en bok? Og hvordan gjør du det? 
Ja, det er vanskeleg. Men ofte har ein ein deadline, og då MÅ ein jo vere ferdig. Også er det greit å tenkje på at ingenting kan vere perfekt. Og gjennom ei heil bok vil det både vere ting ein er kjempefornøgd med og ting ein kunne ynskje ein gjorde oppatt. Hvis ein har som mål at skal bli 110% perfekt blir ein nok aldri ferdig! Eg har fleire sider i "Hundedagar" som eg verkeleg ikkje føler er bra nok. Men sånn blei det! Og alt i alt så er eg fornøgd likevel. Men eg er ingen perfeksjonist då. Det er eg for utålmodig til! 



Har du en inspirasjonskilde du stadig søker tilbake til?
Hvis eg treng inspirasjon går eg inn på Pinterest. Der finn eg så vilt mykje fint! Så det er den inspirasjonskjelda eg brukar hyppigst. Ellers blir eg ofte inspirert når eg er ute og reiser (iallfall når eg reiser åleine med skisseboka) og på gallerirundar. Og av film! Ikkje minst.

Korleis fann du fram til teiknestilen din, og var du innom mange andre stilar på vegen? Har teiknestilen din utvikla seg mykje gjennom åra, eller har den vore ganske stabil? Og kanskje har du gamle teikningar å dele? Synst alltid det er så inspirerande å sjå korleis illustratørar utviklar seg over tid. 
Teiknestilen min har nok utvikla seg, samtidig som streken min har vore der heile vegen. Eg har eg prøvd ulike retningar no og då, men eg har alltid vendt tilbake til den litt skisseaktige stilen som er meg. Eg kan godt vise eit døme på ein stil som er mykje meir detaljert; den brukte eg til nokre kunstprosjekt for 5-6 år sidan. Det fungerte ikkje så bra, for eg byrja å kjede meg veldig mens eg hold på. Eg sakna den kjappare skissestreken min, og følte at særpreget mitt blei vekke. Kven som helst kunne ha teikna det, liksom. Eg kan og vise nokre eldre teikningar eg har laga, så her kjem det! 



Hvor er du utdanna? Så vidt jeg forstår har du bodd i Bergen. Hva likte du best å gjøre i Bergen? Har du noen illustrasjoner herfra? Jeg synes det er en så vakker by! 
Eg gjekk først på Kunstskulen i Bergen (KiB) som eg anbefalar veldig. Så tok eg grunnfag kunsthistorie og var forvirra over kva eg skulle gjere med livet mitt. Etter eit par år i villelse reiste eg til England og tok ein bachelor i visuell kommunikasjon med fordjupning i illustrasjon. Eg budde i Bergen frå 2000 til 2003, så det er ei god stund sidan. Den neste boka mi er henta derfrå, så då kjem det til å dukke opp mange fine Bergensmotiv! 


3 kommentarer:

  1. Hei!
    Jeg lurer på en ting, men rakk ikke få det med! Jeg har jobbet med noe tegneseriegreier en stund, og sendt til et forlag. (Ikke Jippi, i denne omgang). Men, jeg får ikke noe svar. Åh, buhuhu. Vel - bare lurer på hvordan det er vanlig å gå frem? Sende noe til et forlag, og til et annet om de ikke svarer/liker? Hvordan bestemte du deg: bare valgte du et hvis utgivelser du liker?

    AH, og en ting til. Mange skriver om søknadsfrister i disse dager. Er det tegneseriestøtta fra Kulturrådet du/dere refererer til? Har sett etter måter å søke støtte på uten forlag, men det finnes kanskje ikke...

    STÅ PÅ forresten! gleder meg til å lese om Bergen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Beklager seint svar, men eg har vore heilt vilt opptatt med nettopp søknaden ;) Grunnen til at eg havna på Jippi var at eg hadde vore på trykk i antologien deira; Forresten. Redaktøren der fekk høyre at eg var i gang med "Hundedagar", og kontakta meg for å høyre om eg ville gi den ut på Jippi. Så slik skjedde det! Hvis eg var deg hadd eeg purra på det forlaget du har sendt til. Skriv at hvis det ikkje er aktuelt for dei, vil du gjerne ta prosjektet vidare til eit anna forlag.

      Og ja; det er Kulturrådet si teikneseriestøtte eg søker om no. Eg søker via Jippi, dvs at det er dei som sender søknaden og legg ved alt av økonmiske greier etc. Men du kan jo søke støtte frå andre instansar, slik som Norsk illustrasjonsfond eller Grafill. Lykke til! Hadde vore gøy å sjå kva du lagar :)

      Slett
  2. Å, så kult! "Å bli oppdaga" høres så rått ut. Jeg har en kompis som tok kontakt med Jippi, og de bare: vi har hendene fulle, vi trenger ikke mer. Derfor har jeg ikke tatt kontakt selv...Tenkte kanskje å ta kontakt med No comprendo eller noe, men de er igjen berykta for å ikke svare:) Hehe! Særlig mange flere forlag er det vel nesten ikke.

    Spennende, lykke til med søknaden! Håper det blir noe, da skal jeg kjøpe! Så sier jeg ifra, om det samme skjer med meg en dag. Jeg har jobba som illustratør i noen år, men til i fjor var det deltid. Har ingen slik utdannelse, så tror ikke Grafill tar meg inn, ass! Men det går kanskje an å søke likevel...Takk for tips!

    SvarSlett