fredag 11. september 2015

Kva som skjer framover

I kveld skal eg vere gjest på teikneseriefestivalen Stribefeber i Kristiansand. Der skal eg snakke om dilemmaer i sjølvbiografisk arbeid, og teikneserier generelt. Det trur eg blir gøy! Eg skal forøvrig vere i Kristiansand heile helga og få med meg litt andre ting på programmet og. Hvis du tilfeldigvis er i Kristiandsand bør du stikke innom!

Torsdag neste veke er det utstillingsåpning på Tegnerforbundet; der stiller eg ut samans med Kristian Krohg-Sørensen og Xueting Yang. Det trur eg blir knallbra, og eg håper mange av dykk tar turen dit. Byrjinga av neste veke går med til oppheng og forberedelsar, og etterkvart blir det både artist-talk og teikneserieworkshop.

Veka etterpå der skal eg til Rauma, og vere bokbadgjest på Rauma folkebibliotek. Dei ferraste av dykk er vel der oppe, men eg nemner det likevel. Eg skal og ha foredrag om boka mi på skulen der eg vaks opp, så det blir bra.

Det er travle veker foran meg, men det skal gå bra. Må berre ta ein ting av gongen og krysse dei av lista etterkvart. Det blir jo ein del å forberede i forkant av kvar post, så det går jo med litt tid. Det som er utruleg kjekt, i tillegg til å få oppmerksomheit rundt boka, er jo at eg faktisk får betalt for alt dette. Veldig greit å få tjent litt pengar på boka og, si. Og apropos pengar; Hundedagar er med på innkjøpsordninga no, og skal bli kjøpt inn til alle landets bibliotek. Hurra! Igjen; veldig glad for at boka får merksemd og når ut til publikum, men og veldig glad for å tjene pengar.

Her ser du forresten eit par sider frå skisseboka mi. Eg planlegg oppheng på Tegnerforbundet samt testar ut fargar til ei lita teikneseriehistorie. Skal bruke fargeblyant i ein serie for fyrste gong, og eg trur det kan bli bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar