mandag 7. september 2015

Ny veke, ny inspirasjon!


Eg har snakka om Lizzy Stewart før, men ho kan ikkje nemnast for ofte. Over ser du ein illustrasjon frå ei av reisedagbøkene hennar. Dei er så fine! Eg får lyst til å reise rundt med skisseboka mi, det er noko av det beste eg veit. Sjå fleire av reisedagbøkene hennar her.

Amy Egerdeen lagar bøker, fanziner, illustrasjonar og trykk. Mykje fint og inspirerande.

Sjekk ut illustratør Olga Tranchini. Veldig fin blyantstrek!

Illustratøren Katrin Coetzer bur i Cape Town, og det gjer at ho teiknar nydelege, afrikanske motiv. Sjekk ut nettbutikken hennar her.

Elskar dette bildet på Society 6, laga av illustratøren Yuliya. Nydelege fargar!

Tusen takk til dykk som bestilte fanzine av meg i helga, der alle inntektene gjekk til Røde Kors og flyktningkrisa. Til saman blei det 850 kroner som no er overført og øremerka saka! Tusen, tusen takk.

2 kommentarer:

  1. Ja, Lizzy Stewart er helt super! Vil også tipse om Rebecca Green, veldig fine ting: http://myblankpaper.com/#/sketches/ Glemte å kommentere i spørsmålsrunden din, men inspirasjonstips er veldig gøy, og å få se skissebøkene dine og glimt inn i prosesser. Og begge tingene poster du jo, så da er jo alt som det skal! Men bokbinding, det er en annen ting jeg gjerne skulle lest mer om, men det er det kanskje ikke så mye tid til i travel tegneserietid. Uansett, takk for inspirerende blogg, og god helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tips om Rebecca Green! Ser veldig fint ut :) Så bra at du liker bloggen min og det eg legg ut. Skal sjå om det kan bli litt bokbinding etterkvart og! :)

      Slett