fredag 30. januar 2015

Statusrapport

Her er eit par ruter frå det eg har laga denne veka. Eg har teikna i alle ledige stunder, men akkurat denne veka har det ikkje vore så mange av dei. Eg har og prøvd meg på gouache att, sjølv om eg eigentleg hadde slått frå meg den tanken inntil vidare. Ja, eg prøvde gouache att, og blei sjukt forbanna fordi alt eg lagde blei så  stygt. Eg trur problemet mitt i forhold til gouache er rett og slett at eg ikkje veit korleis eg skal overføre streken min til maling. Kor detaljert skal eg være? Skal eg bruke blyant, så maling? Eller skal eg teikne med malinga? Eg anar ikkje, så eg må berre prøve meg fram. Skulle gjerne ha vist fram noko eg har lagd, men alt ligg i søppelbøtta. Trur heller ikkje at det berre er malinga i seg sjølv som er problemet no, men at eg stressar litt med det. Eg tenkjer jo at det hadde vore fint med farger på framsida på albumet mitt, så når eg sett meg ned med maling no får eg jo høge skuldre og tenkjer at det må bli sjukt bra! Okei, eg lover å ikkje snakke meir om mitt anstrengte forhold til gouache på ei stund, så legg eg heller ved to gamle skisser der eg har brukt akvarell. Nok får vere nok, no skal eg sjå ei ny episode av "Bloggerne" og ete popcorn! 









































torsdag 22. januar 2015

Gouache?


Okei, gouache. Då eg byrja på videregåande i 1997 fekk me utdelt eit billig sett med gouache, og eg syntes det var heilt forferdelig å jobbe med. Malinga oppførte seg ikkje som eg ville, og eg bytta det raskt ut med akryl og oljemaling. Eg lurte på korleis nokon kunne bruke gouache frivillig?

Eg har vore veldig inspirert til å lage coveret på albumet mitt i fargar. Litt sånn somYelena Bruksenkova, til dømes. Eg lagde først eit par skisser i akvarell og akryl, men det blei ikkje heilt klaff (du ser den eine skissa på bildet til høgre). Etter litt research oppdaga eg at mange flinke illustratørar brukar gouache med nydeleg resultat, og eg innsåg at eg ikkje ana korleis ein skulle bruke gouache den gongen på videregåande. Eg hadde forventa at den skulle oppføre seg meir som akryl, og eg var ikkje klar over at det rett og slett er ein slags mellomting mellom akvarell og akryl. Ein kan blande det med vatn og få ei transparent akvarelleffekt, eller ein kan bruke det så og si utan vatn og få ei opak flate som ikkje blandar seg med laget under. Eg har og lest at ein alltid bør blande litt vatn i, for at det skal gi ei jevn overflate og ikkje kake seg. Er malinga for tjukk kan den fort sprekke og, så det er ein fin balansegang i forhold til vassmengda.

Eg kjøpte meg nokre dyre tubar med gouache no på tirsdag (det skal være stor forskjell på billig og dyr gouache i forhold til dekkevna), ganske dyre akvarellark og nokre mårhårspenslar. No rekna eg med at dei fantastiske resultata skulle komme av seg sjølv, men det gjorde dei ikkje, gitt. Eg satt i dag med den dyre malinga mi og innsåg at eg rett og slett må...øve meir. Og no er ikkje tida for å øve for å lage eit bra sluttprodukt, då det er under to månedar att til deadline. Så det blir blyant på coveret og, så kan eg heller leike meg med fargar når det er levert til trykk. Eg gler meg til å bli dus med gouache, og forhåpentligvis gjer øving mester. Stay tuned!

PS: om du har nokre gode gouachetips så må du dele dei med meg!

søndag 18. januar 2015

Endeleg over kneika!

No er eg inne i siste innspurten på albumet mitt (hvis ein kan kalle to månader for ein innspurt), og eg har komme over den kneika eg møtte for ei stund tilbake. No har eg ei klar plan for alt som er att, så det er igrunn berre å teikne i veg til eg er ferdig. Det vil kreve ein skikkelig innsats, men det skal gå! Og sjølv om eg må jobbe knallhardt så har eg aldri kosa meg så mykje med teikninga som det eg gjer nettopp no. Det er så gøy! Får kanskje litt stiv stressnakke, men men. Det einaste som framleis er litt opp i lufta er coveret, det er enda heilt på skissestadiet. Har prøvd meg fram med akvarell og akryl, men no skal eg prøve gouache. Det har eg ikkje brukt sidan eg var 16 år (og då hata eg det), men no skal det få ein ny sjanse.

På tirsdag skal eg forresten på Nationaltheateret og sjå "Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg". Eg gler meg! Så skal eg innom KEM og kjøpe fleire 4B-blyanter, gouachemaling, eit par tynne penslar og fint akvarellpapir.  Og kanskje ei ny skissebok? Får aldri nok skissebøker!

mandag 12. januar 2015

Bokfavorittar i 2014

Nyttårsforsettet mitt for 2014 var å kun lese samtidsromanar. Det hadde eg ikkje gjort på fleire år, så her var det jo mykje å ta tak i! Eg leste så mykje bra, så mykje vondt, så mykje dårleg og så mykje fint. Slik som det skal være. Eg tenkte å plukke ut nokre favorittar, dei bøkene som liksom satt seg i magen på meg. Det er jo ein gong slik at eg likar best dei forteljingane som rører ved det vonde, og denne lista er vel eit bevis på det. Eg hugsar då eg satt i styret i Rauma filmklubb, og vaksne menn blei opprevne i dagevis over filmane eg fekk satt på programmet. Så er dykk herved advart. 

Monstermenneske av Kjersti Annesdatter Skomsvold
Elska denne boka. Elska den, sjølv om smerta i boka var skildra så sterkt at den satte seg fysisk hjå meg og. Ei sjølvbiografisk skildring der Skomsvold skildrar vegen frå ME-sjuk til bokdebutant, og boka er så vanvittig stor og modig. Fjorårets favoritt! 

"Mamma og pappa går rundt Østensjøvannet, det er jul og sola glitrer på isen, de dytter sparken foran seg, begge har hendene på styret og røykpust ut av munnen, og sammen dytter de den store jenta si fremover, gjennom all snøen, datteren som er voksen, men som ikke kan gå selv, som ikke kommer seg utenfor døra denne vinteren før moren og faren tar henne med på sparketur, denne jenta som ikke kommer seg ut i verden på egen hånd, som ikke klarer seg selv på noen som helst måte, og moren og faren må bare dytte og dytte."


En dåre fri av Beate Grimsrud
Kan på mange måtar minne om Monstermenneske. Basert på sitt eige liv skildrar Grimsrud livet som psykiatrisk pasient, og det er så utruleg sterkt og direkte formidla. 

"Eli bor alene i en leilighet, men deler like fullt sin tilværelse med Espen, Erik og Emil. Det er stemmer som har fulgt henne siden barndommen. Senere i livet kommer også Prins Eugen til. Periodevis er hun innlagt på psykiatrisk sykehus, og der møter hun både stor omsorg og grov uforstand i forhold til sine lidelser. Elis vilje til å leve og skape er stor, men stemmene bråker og forstyrrer. Likevel skriver hun bøker som blir gitt ut og hun lager film. Hun vokser som forfatter, samtidig som hun stadig kjemper mot sykdommen og lever med sine psykoser."

Under verden av Ida Hegazi Høyer
Det eg elskar med bøkene til Ida Hegazi Høyer er språket hennar. Det er alltid eit underliggande ubehag som blir skildra så levande og rikt, at bøkene er som ein godtepose med nydelege formuleringar. Dette er debutboka hennar, og etter mi meining den beste av dei tre bøkene ho har gitt ut så langt. Hovudpersonen søker seg til einsemda i ei gammal hytte i Aurskog-Høland, der ho kjempar mot noko rote som brer seg om hytta og livet.

«Denne kvelden i slutten av juni, jeg sykler hjemover fra puben, jeg har mageknip av all snakkingen, langs hovedveien ned til sagbruket henger sola lavt og altetende, den oransje ballen over åsryggen, så trærne liksom glitrer over svart mark, mens grusveien opp langs åkeren står skimrende som hav, hvert strå slår bølger. Hytta føles som et land å komme frem til. Og jeg er alene, selvfølgelig, allerede som en fremmed her, nedi svingen ved en åker, denne kvelden, første gang jeg hører dyret.

Det er sant."




Glassklokken av Sylvia Plath
Denne klassikaren er vel ikkje akkurat ein samtidsroman, men den fekk være med i leseåret likevel. Eg las den første gongen då eg var 19 år, og eg fekk eit heilt anna (og større) utbytte av denne boka no. Så nydeleg, enkel og ekte i språket, og alt ubehaget i boka kryp under huda på deg. Er og veldig begeistra for fjorårets opplag, med omslag illustrert av Mari Kanstad Johnsen. 

"Glassklokken ble utgitt under pseudonymet Victoria Lucas få måneder etter forfatterens død. Et grunntema i beretningen er selvmordet. Unge Esther Greenwood kjemper to kamper, én mot hennes eget begjær etter gode karakterer, kjærester, et vakkert utseende og karriere.- den andre mot mental sykdom. Etter å ha tilbrakt en måned i New York som premie i en novellekonkurranse, blir hjemkomsten til sommerhete Boston et sjokk. Esther får vite at hun ikke er kommet inn på det forfatterkurset hun har søkt på. Snart er sammenbruddet nært, og livet under «glassklokken» begynner."

torsdag 8. januar 2015

Kreativ med born....the truth!

Eg har jo tidligare sagt at det ikkje er noko problem å jobbe med noko kreativt når ein har born. Ein blir jo så strukturert og utnyttar tida så godt! Det er delvis sant, men det er og noko eg seier litt for å lure meg sjølv. For når ungen din er sjuk ei heil veke, då nyttar det ikkje å vere strukturert. For du får berre ikkje jobba. Eller når barnehagen er stengt i tre veker på sumaren, eller når juleferien er ekstra lang og dei slenger inn ein planleggingsdag på tampen av det igjen. Då nyttar det ikkje å vere flink til å utnytte tida, for det er ikkje noko tid att å bruke. Ja, ein kan jo bruke nokre timar på kvelden, men etter ein heil dag med ein treåring i trassalderen er det ikkje alltid så mykje energi att.

Det er då ein kjenner på at ein ikkje har ein "vanleg" jobb. Det er jo ingen som kan vere vikar for meg den veka sonen min har vannkoppar. Klart at eg og mannen min byttar på her og der, men det blir uansett ikkje det same. Så eg har ikkje like mykje teiknetid etter at eg blei mor, og alle eg kjenner som har born kombinert med eit kreativt yrke seier det same. Helger og ferier? Då er ein forelder. Ettermiddagane? Middag på bordet. Jobbe utover natta? Ikkje så freistande når ein blir vekka kl 06.00. Klart at hvis ein har noko som hastar så får ein gjort det med hjelp av partnaren eller besteforeldre, men i kvardagen så må ein hente i barnehagen, leike med togbane, legge og trøste. Derfor utnyttar eg den tida eg har til å teikne så godt, og eg voktar den tida som ein smed! Også blir eg litt misunneleg når eg ser andre kreative (utan born) legge ut nye teikningar på Instagram på ein laurdag. Mmmm...teikne på ein laurdag! Luksus.


tirsdag 6. januar 2015

Nytt år, nye opplevingar


Adolph Tidemand: Kvinnearm/studie

I år har eg tenkt å oppleve meir. I romjula var eg på Nasjonalgalleriet og såg dette nydelege maleriet av Adolph Tidemand, og eg vil sjå meir kunst. Meir kunst, film, teater og kino. Det er årevis sidan eg såg den faste samlinga på Nasjonalgalleriet, og då eg var der no oppdaga eg så mykje fint! Eg elskar å vere heime under pleddet og sjå på TV-seriar, men nok får vere nok. I år skal eg ut av sofakroken. Nyttårsforsettet mitt for 2014 var å berre lese samtidsromanar (etter sikkert fem år med gamle klassikarar) og eg var litt skeptisk. Gjett om eg leste mykje bra! Eg er så glad for at eg gav meg sjølv den utfordringa og oppdaga så mange fantastiske forfatterar. Så derfor er eg gira på ei ny kulturell utfordring, og eg synes denne er ganske bra. Meir opplevingar, hverken meir eller mindre. 

PS: eg hadde og som nyttårsforsett i 2014 at eg skulle vere flinkare til å gå ut med søpla. Det gjekk ikkje like bra som romanprosjektet. 

søndag 4. januar 2015

2015!


Nytt år, nye muligheiter! 2014 var eit veldig spesielt år. Det var spesielt bra med tanke på at eg fekk støtte til å gi ut det kommande teikneseriealbumet mitt, og eg fekk sågar arbeidstipend til å byrje på det neste når den tid kjem. Eg hadde ein fantastisk tur til barnebokmessa i Bologna og eg teikna sjukt mykje gjennom heile året. Eg fekk masse inspirasjon under OCX, og eg byrja å jobbe som vikar på teikneserielinja på Buskerud folkehøgskule. Eg jobba nesten berre med teikneserier heile 2014, og eg fant ut at det er der hjartet mitt ligg. Så 2014 blei det året der eg fant ut kva eg virkelig vil bruke teikninga mi til. 

2014 blei og det året der eg opplevde det verste i mitt liv, då eg blei sjuk med kreft. Det teikna eg og om, og du veit du driv med teikneserier når fleire sa (medan eg låg klar til å opererast) "Ja, du får iallfall noko å teikne om". Og det hadde dei jo rett i, sjølv om ingen ynskjer vel å bli den neste Harvey Pekar på akkurat det punktet. Eg blei jo frisk att, men eg trur eg aldri blir heilt kvitt den angsten eg fekk då. Eg er rett og slett livredd for å bli sjuk att, men det er vel berre noko eg må lære meg å leve med.

I 2015 kjem albumet mitt "Flink til å teikne" ut, og det gler eg meg veldig til. Det blir fint å sjå det ferdige produktet, og eg gler meg allereie til å starte på det neste prosjektet mitt (som har arbeidstittelen "Bergen"). Eg gler meg til å reise til Stockholm Internationella Seriefestival, og eg gler meg til å besøke årets OCX. Eg skal og ein tur til Kristiansand under festivalen Stribefeber, då eg skal være gjest der i år. Eg skal og sitte i styret for teikneseriegruppa i Grafill, der eg håper å få til noko kjekt i løpet av året. 

Godt nyttår! Og heia 2015, seier eg berre!