tirsdag 31. mars 2015

illustrasjon for Kunstløftet

For ei lita stund tilbake gjorde eg eit illustrasjonsoppdrag for Kulturrådet og publikasjonen deira; Kunstløftet. Den følge med siste utgåva av Morgenbladet, så det er i butikken heile påska. Eg var spent på korleis blyanten skulle sjå ut på avispapir, men eg brukte 4B-6B for å vere på den sikre sida. Eg synes resultatet blei veldig bra, og ikkje blast, slik blyant kan bli i avistrykk.





fredag 27. mars 2015

Angst

Raske teikningar medan eg høyrer på podcast. Eg er gjennom ein ny runde med kreft-testar (rutine kvar 3. månad), og eg har slik angst at det slit i meg kvart sekund. Eg greier ikkje gløyme det, det ligg i mellomgolvet og gjer fingertuppane numne. Nett no orkar eg ikkje lage teikneserier om det ein gong, berre denne lille greia her.


mandag 23. mars 2015

Ferdig!!


Ja, då er eg ferdig med boka mi! Den går i trykken når som helst no, og det har vore ei intens tid fram mot målet. Eg har ikkje blogga i det heile teke den siste månaden, men eg har delt ein del på Instagram (Følg meg gjerne! @anjadahle). No har eg rydda vekk alle skissebøkene og den tjukke permen med originalane, og sjølv om eg har hatt det veldig gøy med prosessen, så er det deilig å vere ferdig. Eg har jobba dag og kveld, og i fleire veker lagde eg ei side om dagen. Det er ganske intenst! Må seie at eg er ganske stolt over det eg har gjort dei siste månedane, for eg har virkeleg jobba på. Målet er å ha boka ferdig trykka til Oslo Comics Expo, og det rekk eg med god margin! Det er selvfølgeleg mykje i boka eg ville ha gjort annleis, men sånn vil det vel alltid vere. No gler eg meg til å blogge att, teikne dagbokteikningar, byrje på den neste boka mi (!), byrje på ei ny historie til neste nummer av Forresten, og berre skisse og teikne utan mål og meining. I kveld skal eg drikke Prosecco!