torsdag 30. april 2015

Nett no

Her er nokre bilder frå arbeidspulten min. Bilde ein viser nokre klistremerker med motiv frå boka mi, og no kjem den straks i salg! Eg har klistra nokre av dei på skisseboka mi, og eg tykkjer dei blei fine. Bilde to viser eit par ruter frå historia eg jobbar med nett no. Den skal trykkast i neste nummer av Forresten, og eg byggjer videre på nokre sider som blei tatt ut av boka mi. På bilde nummer tre ser du nokre storyboard-skisser, og som eg har nevnt før; mine storyboard ser ikkje ut. Når eg skal skrive søknader er det ikkje aktuelt å legge dei ved, for å seie det sånn. Men dei gjer jobben for meg! Siste bilde viser den ruta som eg jobbar på nett no. No er altså boka mi rett rundt hjørnet, og eg kjem snart med meir informasjon om kvar du kan kjøpe den. Eg har fått nokre eksemplar i posten, og eg tykkjer den blei fin! Så stay tuned.

mandag 27. april 2015

Akt

På fredag var eg vikar på teikneserielinja på Buskerud Folkehøgskule. Eg er der med ujamne mellomrom, og det er alltid like kjekt. På fredag teikna me akt, og det var så gøy! Ikkje kvar dag eg har muligheit til det lenger, men det er fantastisk teiknetrening. Det er og noko fint og tidlaust over det å sitte med ei klasse og teikne akt; ei enkel skissebok og ein god blyant, ein flink modell og eit heilt stille klasserom med konsentrerte elevar. That's all it takes.


mandag 20. april 2015

Statusoppdatering!

Den siste veka har gått med til å vere heime med sjukt born, planlegge Grafill-seminar (trur det blir knallbra!) og det har vore lite teiknetid generelt. Etter at boka mi blei levert til trykk, blei det eit litt rart tomrom plutseleg. Medan eg var i siste innspurt på boka tenkte eg på alle prosjekta eg skulle starte opp berre eg blei ferdig, men så har det blitt nokre stille veker der eg har gjort litt forefallande kontorarbeid og tekna i skisseboka. Eg visste rett og slett ikkje heilt kvar eg skulle starte att. Eg har jo byrja på manusarbeidet til den neste boka mi, men det har ikkje vore hardjobbing akkurat. Det har vore greit med nokre rolege veker for så vidt, for den siste jobbeøkta med boka mi blei avløyst av ny kontroll på sjukehuset og fleire veker med angst. Men no kjenner eg meg klar for å komme skikkeleg i gang att. Eg må komme så langt eg greier på den neste boka mi til 1. september, for då er det ny søknadsfrist til Kulturrådet. Eg gler meg til å komme godt inn i eit nytt prosjekt att!

PS: I dag får eg boka mi frå trykkeriet! Trur ikkje eg tørr å åpne pakka, for eg er så spent!



tirsdag 7. april 2015

Kaffebrenneriet

På laurdag tok eg bussen inn til Oslo, og der satt eg i vindauget på Kaffebrenneriet og teikna folk som satt i sola utanfor. Den siste sida der er naturleg nok ikkje frå Grünerløkka, men frå skogen. Der var eg dagen etterpå.



søndag 5. april 2015

Kontroll...

Her kjem litt meir angst. Nokre gonger får eg dårleg samvit for å legge ut om alle denne angsten, det er jo ikkje så oppløftande for andre å lese om. Men men.