fredag 29. mai 2015

Vinnaren er kåra!

Først må eg seie at eg blei så GLAD for alle kommentarane dykkar! Dykk skrev så mykje fint, og eg måtte lese alt høgt for mannen min. Eg skulle ynskje eg kunne gi bok til heile gjengen, men ein vinnar blei trekt, og det blei Hege. Send meg adressa di, så skal eg sende boka til deg så fort eg kan.

PS: Eg blei intervjua i D2 for ei veke sidan, samt at du kan lese ein veldig fin anmeldelse av boka mi på Serienett. Og ikkje nok med det; eg er på 5. plass på Tronsmo si bestselgerliste denne veka! OK, det var nok sjølvskryt for eit innlegg. God helg!




tirsdag 26. mai 2015

Vinn boka!

Vil du vinne eit eksemplar av Hundedagar? Og eit sett klistremerker som høyrer til? Då er det berre å hive seg med. Det einaste du treng å gjere er å legge att ein kommentar, der du fortel meg kva du likar å lese her på bloggen. Likar du å lese om prosessen bak arbeidet mitt? Sjå skisser? Lese intervju? Eller likar du dagbok-teikningane mine? Fortel! Då blir eg glad! Vinnaren trekkes på fredag. 

torsdag 21. mai 2015

Gamle måleri


Emile Auguste Hublin «Treats for the birds» 1870 (detalj)
Catherine Brass Yates (Mrs. Richard Yates) av Gilbert Stuart, 1793 (detalj)

Ein av mine inspirasjonskjelder er gamle måleri, og spesielt detaljane i dei.  Eg har ei Pinterestmappe der du kan sjå nokre av dei, og det er så utruleg mykje fint der! Spesielt i utsnitta ser ein kor levande alt er skildra. Eg prøver heile tida å variere komposisjonen og utsnitta i rutene mine, og det er mange grep ein kan gjere for å skape spaning og framdrift. Det gjeld berre å komme på dei, og då er det fint med slike inspirasjonskjelder lett for handa. 

På tirsdag var det forresten sleppefest for boka mi, så no er den 100% ute i verda! Det er så utruleg kjekt å sjå at fleire av dykk har kjøpt den allereie, så tusen takk for det! Eg lurer og på å ha ein liten give away her på bloggen snart, der ein kan vinne både bok og klistremerker. Det hadde kanskje vore noko?

fredag 15. mai 2015

Stockholm

Her er ein liten rapport frå turen min til Stockholm. Stockholm er ein fantastisk by, og eg vil anbefale absolutt alle å ta turen dit. Eg var der i fem net, så eg fekk oppleve meir enn berre Stockholm Internationella Seriefestival. Eg besøkte bla ein nydeleg park og ein botanisk hage, for hage er faktisk ein av mine største hobbyar. Så veit dykk det, og.

Noko av det finaste var turen til Moderna Museet, der eg såg Louise Bourgeois. Det var ei heilt fantastisk utstilling, og bileta under er henta derfrå. Hvis du ikkje kjenner arbeidet hennar frå før anbefalar eg deg å lese litt om ho. Ho lagde kunst heile livet, fram til ho døde i 2010, heile 98 år gammal. Ho jobba i hovudsak med teikning, tekstil og skulptur, og eg var så imponert over korleis ho brukte sitt eige liv i arbeidet. Ei veldig sterk og personleg utstilling som satt i magen etterpå.



















Eg teikna ein del i skisseboka mi og. Desverre blåste det nokre av dagane, og då var det ikkje heilt ideelt å sitte ute. Då teikna eg ei rask skisse som eg fargela inne på kafé eller på hotellet. PS. Maleboka med Bamse fungerte fint som bord i hotellsenga, men det var ikkje i den eg malte, altså.



























Eg gjorde og nokre innkjøp! Eg har eit vilt forbruk av blyantar, så eg hamstra opp på den fantastiske butikken Pen Store. Ei skattekiste av pennar, blyantar, blekk og papir. Eg kjøpte og ei mengde svenske teikneseriar på teikneseriefestivalen; det var så sjukt mange fine bøker der som eg har ynskja meg lenge. Det var veldig moro å besøke festivalen, og eg høyrde fleire fine foredrag. Eg helsa og på mange hyggelege folk, og eg var ute til seint på kveld. Eg fekk rett og slett så mykje ut av turen, at det kjendes som eg hadde vore der minst ei veke. Terningkast seks til Stockholm!


















onsdag 13. mai 2015

Boka er til salgs!

OK, no blir det litt skamlaus promotering her, men men. Boka mi er no klar for salg! Eg var på Stockholm Internationella Seriefestival i helga, og der blei den solgt for fyrste gong. Veldig kjekt å sjå at den byrjar å leve sitt eige liv, og veldig kjekt at folk kjøpte boka! Så, det er fleire måtar å få tak i Hundedagar på. Den finnast jo ikkje i alle bokhandlerar, då teikneserier er litt for smalt, men her er instruksar. Håper så mange som mulig vil kjøpe den!



Du kan bestille den her hjå Jippi Forlag. Enkelt og greit med netthandel.

Du kan gå på Tronsmo eller Eldorado i Oslo, der den straks skal vere inne.

Du kan gå i ein heilt vanleg bokhandel og få dei til å bestille den inn.

Du kan komme på lanseringsfesten min på tirsdag! Der kan du seie hei til meg i tillegg til å kjøpe boka. Det hadde vore så kjekt!


tirsdag 5. mai 2015

Sleppefest for Hundedagar!

Tirsdag 19. mai er det endeleg sleppefest for boka mi! Det blir på Gaasa i Oslo, og du kan sjå Facebook-eventen her med meir informasjon. Kom kom, då blir eg så glad!


mandag 4. mai 2015

Ut på tur!

På torsdag dreg eg til Stockholm, og eg skal vere der heilt til tirsdag. Eg skal først og fremst besøke Stockholm internationella seriefestival, men eg skal og utforske byen, teikne og kose meg. Hald på lommeboka, seier eg berre. Skal bruke alle lommepengane mine på svenske teikneserier. Eg reiste jo til Bologna i fjor, og då var skisseboka full og inspirasjonen på topp då eg kom heim att. Eg håper eg får ein like fin tur til Stockholm i år!

Eg skal forresten vere gjest under Oslo Comics Expo i juli. Kom, kom! Og si hei til meg om du ser meg! Dei pengane eg ikkje brukar på SIS skal eg bruke på OCX. Neida, joda, neida.