tirsdag 30. juni 2015

Litt av kvart
























Ein dag skal eg finne nokre andre enn meg sjølv å teikne. Eg lovar. Lurer på kor mange Photo Booth-teikningar eg har av meg sjølv no? No har eg forresten teikna dei tre første sidene i den neste boka mi, og det er så fint å vere i gang! Eg var ganske skrekkslagen då eg teikna første ruta, for eg føler jo at andreboka må bli enda bedre enn førsteboka. Men no har skrekken løsna og eg berre kosar meg med teikninga og prosessen. Heldigvis.

Eg var jo på kreftkontroll på fredag, og no venter eg på svar på nokre testar att. Det er noko av det tyngste eg veit, men eg har iallfall fått meg ein ny (og bra!) psykolog. Hurra for det! Tenkte å ikkje teikne ei dagbokteikning om at eg har angst denne gongen, men heller teikne noko morosamt i staden. Har jo fleire gode historier eg kan teikne hvis eg berre tenkjer meg om. Og flaue historier. Men det er vel det flaue som er mest moro uansett!

tirsdag 23. juni 2015

Anmeldelsar og statusrapport!

Må berre få seie at eg har fått så vilt mykje meir merksemd rundt boka mi enn det eg hadde forventa. Eg har fått veldig bra anmeldelsar i Dagbladet, Morgenbladet, Dagsavisen, og Empirix, samt eit fint intervju i D2. Ja, og ein dårleg anmeldelse i BT. Hehe. Eg har og vore med på lister over anbefalt sumarlesning i både Dagbladet og Dagsavisen, og eg veit om enda ein anmeldelse som kjem på trykk etterkvart. Eg hadde virkelig ikkje trudd at eg skulle få så mykje publisitet og positiv merksemd rundt boka mi, og eg er så glad! 

Juni flyg forresten så fort avgårde. Tanken var å få vilt mykje gjort denne måneden (og det er jo ikkje for seint enno), men eg føler og at eg har stått litt i stampe. Det har vore så mykje som har stjelt tida mi i det siste, og eg har fått jobba minimalt med den nye boka mi. Jaudå; eg har fått trykka opp fanzina som eg prata om, eg har vore på OCX, samt at eg har brukt ein del tid på å organisere Grafillseminaret me hadde med der. Ja, så har eg jobba litt på biblioteket og. Og vore redd for kreft, slik eg bruker å vere i periodar. Det inneber alltid ein tur eller to til legen for å sjekke ting. Også har eg gjort ferdig historia mi til neste nummer av Forresten og, så eg har jo fått gjort litt. Eg har berre ikkje jobba på boka. Så no får den full fokus framover! Banna bein, altså. 

søndag 7. juni 2015

Fanzine og nettbutikk!


Då har eg endeleg fått laga meg ei fanzine med nokre av alle dagbokteikningane mine. Denne samlar alle teikningar frå då eg hadde kreft og tida etterpå (fram til no), og består av 24 sider. Opplaget er på 100 stk. Eg la ut eit bilde av fanzina på instagram, og då var det fleire som ville kjøpe eit eksemplar. Eg har derfor laga meg ein liten nettbutikk der du kan bestille den til 50 kr pluss porto. Plana er å få litt andre ting opp på nettbutikken etterkvart, men no ligg iallfall denne der i første omgang. PS: hvis du skal på OCX i helga kan du kjøpe eit eksemplar av meg direkte, eg kjem til å ha nokre i veska.

tirsdag 2. juni 2015

Fanzineworkshop!

Vil du lære å lage fanziner? Då må du bli med på workshopen vår! Grafill Teikneserier held seminar om small press og self-publishing torsdag 11. juni under Oslo Comics Expo, og i den forbindelse held me en fanzineworkshop med Decadence Comics (UK). Workshopen går av stabelen på Serieteket (Schous plass) kl 10.00, og den tar for seg dei forskjellige stega i ein fanzineproduksjon. Me lagar eigne fanziner, og me får hendige tips og triks på vegen.Ta gjerne med eigne teiknesaker og det utstyret du vil bruke, men Grafill stiller og med enkelt utstyr, papir og kopimaskin. Påmelding til grafill.tegneserier@grafill.no  (begrensa plasser). Workshopen passar både for deg som har laga fanziner før, og deg som er nybyrjar. 

Kl 19.00 held me paneldebatt om small press og self-publishing med Decadence Comics, Breakdown Press og The Treasure Fleet med moderator Flu Hartberg. Dette arrangeres og på Serieteket, og det vil vere åpen bar utover kvelden. Sjå ellers Oslo Comics Expo for fullt program for festivalen.

mandag 1. juni 2015

Juni


























Plana mi for juni er å få mykje gjort og jobbe knallbra. Eg er jo i gang med bok nummer to; "Bergen", og eg skal sende inn fleire søknadar med det prosjektet til hausten. Av erfaring veit eg at sumaren flyg så innmari fort avgårde, så no skal eg jobbe intensivt fram mot fellesferien, slik at eg kan ta fri og føle at eg har prosjektet under kontroll. Så det blir jobbing, samt ei langhelg i Oslo under Oslo Comics Expo. Der er eg både gjest, samt at eg arrangerer eit seminar i regi av Grafill Teikneserier. Eg har og planer om å trykke opp ei ny fanzine før OCX, så det må eg få gjort snart, og. Okei, då brettar eg opp armane med denne sangen på full guffe. Wish me luck!